Podja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Podja i Ujjain under monsunen ved breidda av elva Shipra.

Podja er eit hinduritual for å æra gudar, gudebilete eller særmerkte personar. Det kan utførast av truande heime eller av prestar i tempel. Ritualet kan skje på mange vis, til dømes med tenning av lys, røykjelse eller liknande, framseing av hymne eller mantra, påføring av væske eller fargestoff og ei mindre ofring. Mange hinduar utfører podja kvar morgon etter å ha vaska og kledd seg, før dei et eller drikk noko. I tempel blir det utført podja fleire gonger dagleg. Ved visse høgtider held ein gjerne fleire og større podjaer.

Sanskritordet pūjā (devanagari पूजा) tyder 'dyrking, æring'. Det kan også skrivast som Pooja eller Puja og er eit utbreidd hindukvinnenamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Podja
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.