Podolsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Podolsk
Подольск
Aerial view of Podolsk.JPG
Flagget til Podolsk Byvåpenet til Podolsk
Flagget til Podolsk Byvåpenet til Podolsk


Plassering
Podolsk is located in Russland
Podolsk is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Først nemnd i 1627
Borgarmeister Nikolai Pestov
Geografi
Flatevidd
 - By

38 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

179 400
  4 721,1 /km²
Koordinatar 55°25′0″N 37°33′0″EKoordinatar: 55°25′0″N 37°33′0″E
Høgd over havet 160 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 142100–142121
Retningsnummer (tlf) (+7)4967
Nettstad: adm.podolsk.ru


Podolsk (russisk Подо́льск) er ein industriby i Moskva oblast i Russland. Han ligg ved elva Pakhra, ei sideelv til Moskvaelva. Han er den største byen i Moskva oblast med om lag 180 000 innbyggjarar (2007). Dette kjem av at Moskva ikkje er ein del av Moskva oblast.

Byen Podolsk voks ut frå landsbyen (selo) Podol, som på 1700-talet høyrte til Danilovklosteret i Moskva. Podolsk fekk bystatus av Katarina II i 1791. På den tida etablerte Russland dei viktiste landdistrikta, utnemnde guvernørar og grunnla nye byar.

Før den russiske revolusjonen var Podolsk ein av dei mest industrialiserte byane i Russland. Ein Singer-fabrikk som produserte symaskiner vart bygd her.

Uljanovfamilien pla å bu i Podolsk. Vladimir Lenin vitja byen fleire gonger, og hadde til og med ein liten eigedom og ei hytte der. I 1900 heldt han eit møte i Podolsk med sosialdemokratar frå Moskva og andre byar for å få støtta deira til avisa Iskra, som alt var under skiping.

I 1971 vart Podolsk tildelt Arbeidet sin raude banner-ordenen. Under sovjettida var Podolsk ein av dei industrielle gigantane i Moskva oblast. På den tida var det meir enn sytti fabrikkar i verksemd i byen, og dei fleste av innbyggjarane arbeidde ved ein av desse fabrikkane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]