Pogórze Bukowskie

Koordinatar: 49°29′N 22°40′E / 49.483°N 22.667°E / 49.483; 22.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pogórze Bukowskie
fjell
Pogórze Bukowskie vest i Nowotaniec.
Land  Polen
Fjellkjede Doły Jasielsko Sanockie i Gmina Bukowsko
Høgd Tokarnia, 777 moh.
Geologi granitt, gneis, kalkstein
Kart
Pogórze Bukowskie
49°29′N 22°40′E / 49.48°N 22.67°E / 49.48; 22.67
Wikimedia Commons: Pogórze Bukowskie
Pogorze Bukowskie=a9; ein del av Dei ytre austlege Karpatane

Pogórze Bukowskie er ei fjellkjede i Beskidane i Dei ytre vestlege Karpatane søraust i Polen, ein del av Dei sentrale Beskidane. Det er eit åslendt området i Sanok fylke og Podkarpacie), mellom Dei låge Beskidane og Bieszczady nær elvane Osława og San. Namnet kjem frå det vestslaviske ordet buk, som tyder «bøk». Fjellet har to fråskilde toppar, ein på 778 moh (Tokarnia) og ein på 420 moh (Łysa Góra).

Av landsbyar i regionen finn ein Bukowsko, Komańcza, Nowotaniec, Zagórz, Wola Sękowa, Wola Piotrowa og Lesko. Her ligg Uniwersytet Ludowy, som opna i 2005, og som har mange kunstverk og handverkarbeid frå området. Pogórze Bukowskie ligg i den fattigaste delen av Polen.

Området vart stadig kjempa om mellom Polen, Kievriket og Ungarn frå starten av 800-talet.

Fram til 1947 var 45 % av innbyggjarane i fjella lemkarar og dolinianarar, 45 % pogorzanar og 10 % jødar. Drapet på den polske generalen Karol Świerczewski i Jabłonki av den ukrainske opprørshæren i 1947 var den direkte årsaka til at lemkarane vart flytta frå området, den såkalla Operasjon Wisła.

Det opphavlege dyre- og plantelivet i området er bevart sidan det ligg såpass isolert. Fjellkjeda er dekt av bøkeskog. Området er verna som ein del av Jaśliski Park Krajobrazowy. Av dyr som lever her finn ein svartstork, rådyr og ulv.

Det er fleire turistattraksjonar i fjellområdet, inkludert historiske trekyrkjer og skistader, som Karlików og Puławy Górne.

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

49°29′N 22°40′E / 49.483°N 22.667°E / 49.483; 22.667