Point Wild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Point Wild
nes
Land  Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 61°6′S 54°52′W / 61.100°S 54.867°W / -61.100; -54.867
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Point Wild
61°06′00″S 54°52′00″W / 61.1°S 54.8667°W / -61.1; -54.8667
Point Wild is located in Antarktis
Point Wild (Antarktis)

Point Wild er eit nes 6 nautiske mil (11 km) vest for Cape Valentine på nordkysten av Elefantøya i Sør-Shetlandsøyane. Det vart namngjeve Cape Wild av Endurance-ekspedisjonen 1914-16, men Point Wild vart det godkjende namnet fordi point er mindre enn cape på engelsk og for å unngå forveksling med Cape Wild på George V Coast. Det er kalla opp etter Frank Wild, leiaren for det forliste laget som vart att på øya då Ernest Shackleton segla frå neset for å redde ekspedisjonen i august 1916.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Point Wild» (innhald frå Geographic Names Information System).