Pokémon Black og White
| Pokémon Black og White | |
| Utviklar(ar) | Game Freak |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo, The Pokémon Company |
| Serie | Pokémon |
| Sjanger | Data-rollespel |
| Utgjeving | JP 18. september 2010 EU 4. mars 2011 NA 6. mars 2011 |
| Aldersgrense | PEGI: 3 CERO: A ESRB: E |
Pokémon Black og White (ポケットモンスターブラック・ホワイト) er data-rollespel utvikla av Game Freak og utgjeve av Nintendo på Nintendo DS. Dei er dei fyrste spela i den femte generasjonen i rollespel-serien Pokémon.[1] Black and White vart gjevne ut i Japan den 18. september 2010, i Europa den 4. mars 2011 og i Nord-Amerika den 6. mars 2011. I forkant av utgjevinga vart Black og White dei raskaste DS-spela noko sinne til å nå ein million førehandsbestillingar i Japan.[2] I januar 2011 var spela dei raskaste DS-titlane til å selja fem millionar eksemplar.[3]
Pokémon Black og White har ein speloppbygnad som liknar tidlegare spel i serien, men introduserer fleire endringar av dei sentrale mekanikkane i spela. Spelaren fylgjer ferda til en pokémon-trenar gjennom regionen Unova, medan ein trenar opp pokémon som vert nytta til å slåst mot andre trenarar. Det endelege målet i spelet er å bli den beste pokémon-trenaren i regionen ved å nedkjempa ei gruppe topptrenarar (en: Elite Four). Black og White tilfører serien 156 nye pokémon-figurar, som får det samla talet på pokémon opp i 649 monster.[4] Pokédexen, som fungerer som eit register over alle typar pokémon, kan ein fullføre ved å få tak i alle 649 pokémon. Begge titlane er uavhengige av kvarandre, men har stort sett same historie. Black og White kan spelast kvar for seg, men ein treng å byta pokémon mellom spela for å fullføre pokédexen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pokémon Black and White» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «『ポケットモンスターブラック・ホワイト』». http://www.webcitation.org/5sv9suCz9.
- ↑ Gantayat, Anoop (23. august 2010). «Pokemon Black & White Breaks Records Ahead of Release». IGN. News Corporation.
- ↑ Simon Parkin (January 12, 2011). «Gamasutra - News - Pokemon Black & White Becomes Fastest DS Title To Break Five Million Units». Gamasutra. http://www.gamasutra.com/view/news/32407/Pokemon_Black__White_Becomes_Fastest_DS_Title_To_Break_Five_Million_Units.php. Henta 2011-01-20.
- ↑ «Pokemon Black/White Preview for from 1UP.com». September 23, 2010. http://www.1up.com/do/previewPage?cId=3181561. Henta 2010-10-30.
Bakgrunnsstoff [endre]