Polína Misailídou
Polína Paraskeví Misailídou, kjend som Polína, (fødd ? i Néa Smýrni) er ein gresk songar.
Polína er fødd og oppvaksen i Néa Smýrni, ein forstad sør for Aten. Ho starta karriéra si i 1971 då ho song songen «Lives» i Thessaloniki Song Festival.
Eurovision Song Contest [endre]
I 1979 var ho støttevokalist for Elpída som representerte Hellas og framførde songen «Sokráti» i Eurovision Song Contest.
Sju år seinare, i 1986, vart ho sjølv valt til å representere Hellas i Eurovision Song Contest, men den nasjonale kringkastaren Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) trekte seg heilt uventa ut av tevlinga. Polína sa at det var på grunn av politiske problem i Hellas, men ho bemerka seg at ein Eurovision-nettstad hadde oppgjeve at det var fordi tevlinga vart halden kvelden før den ortodokse påsken. Ho skulle delteke med songen «Wagon-lit».
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Polina Misailidou» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2012.
|
|
|||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||