Polýegos
Polýegos (gresk Πολύαιγος), eller Polyaigos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg nær Mílos og Kímolos, og namnet tyder «mange geiter» etter dei mange geitene som lever her.
Polýegos høyrer til kommunen Kímolos, som er ein del av periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Øya er opp mot 6 km lang og 4,3 km brei. Ho har eit areal på 18 km² og ei kystlengd på 22-27 km. Ho ligg berre 2 km søraust for Kímolos og 6 km frå Mílos. Det er to fjell på øya. Strongyló er 330 moh og Psiló Vounó 370 moh.
Det meste av øya høyrer til den gresk-ortodokse kyrkja, og mindre delar høyrer til lokale gjetarar frå dei nærliggande øyane.
Polýegos er stort sett ei bar øy, men har mange flotte strender, særleg i sør. I tillegg har ho fleire grotter.
Kjelde[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Polyaigos frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Jyáros • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi |
||