Pola X av Scott Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pola X
Filmmusikkalbum av Scott Walker
Utgjeve 17. mai 1999
Innspelt Studios Davout i Paris, Lansdowne Recording Studio i London, Air Studios i London
Sjanger Klassisk, avantgarde, eksperimentell
Lengd 55:55
Selskap Barclay
Produsent Scott Walker
Scott Walker-kronologi 
Tilt
(1995)
Pola X 5 Easy Pieces (plateboks)
(2003)


Pola X er eit filmmusikkalbum til Léos Carax-filmen med same namn komponsert og produsert av den amerikanske songaren Scott Walker. Albumet inneheld òg bidrag frå Smog, Sonic Youth, Fairuz, Nguyên Lê og M. Luobin Wang. Det kom ut 17. mai 1999 og var det første filmmusikkalbumet til Walker.

Albumet vart spelt inn i Paris ved Studios Davout, og i London ved Lansdowne Recording Studio og Air Studios. Det fekk positive meldingar då det kom ut i mai 1999. Dei fleste av komposisjonane til Walker vart sidan gjevne ut på den femte disken på samleboksen 5 Easy Pieces.

Walker følgde opp filmmusikkarbeidet på Pola X med musikk for danseframsyningane And Who Shall Go to the Ball? And What Shall Go to the Ball? i 2007 for det London-baserte dansekompaniet CandoCo og ROH2-produksjonen av Jean Cocteau sin Duet for One i 2011. Før dette albumet hadde Walker hatt tradisjon for å spele songar frå filmar og medverka med songar til fleire filmar, mellom anna «The Rope and the Colt» i 1969 for Une corde, un colt, «I Still See You» i 1971 for The Go-Between, «Man from Reno» i 1993 for Toxic Affair og «Only Myself to Blame» i 1999 for The World Is Not Enough OST.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Pola X fekk middels til positiv kritikk av dei fleste kritikarane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle komposisjonane er skrivne og framførte av Scott Walker utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Time Is Out Of Joint!» 1:08
2.«Light» 3:20
3.«Meadow» 2:09
4.«The Darkest Forest» 5:42
5.«Extra Blues» (Framført av Smog)Bill Callahan6:03
6.«Never Again» 1:26
7.«Iza Kana Zanbi» (Framført av Fairuz)Assy Rahbany, Mansour Rahbany8:53
8.«Trang Mo Ben Suo» (Framført av Nguyên Lê)M.Le Mong N'Guyen1:15
9.«Zai Na Yao Yuan De Di Fang» (Framført av M. Luobin Wang)M. Luobin Wang0:59
10.«Church Of The Apostles» 5:53
11.«Bombupper» 1:39
12.«River Of Blood» 1:22
13.«Blink» (Framført av Sonic Youth)Sonic Youth5:21
14.«Running» 1:56
15.«Closing» 1:49
16.«Isabel» 6:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Jean-Claude Dubois - Dirigent
  • Geoff Foster - Miksing
  • Paris Philharmonic Orchestra
  • Brian Gascoigne - Orkestrering
  • Scott Walker - produsent

Kjelder[endre | endre wikiteksten]