Polarbane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polarbane er ei nemning for (oftast) sirkulære låge satellittbaner med inklinasjon nær 90 grader. Dette vil seie ein satellitt i slik bane passerer over polane ved kvart omløp. Banehøgda ligg mellom omtrent 300 og 1500 km. Ein satellitt i polar bane kan dekkje heile jorda i løpet av nokon omløp.
Fleire jordobservasjonssatellittar går i slik bane, til dømes Envisat. Envisat går i ei sokalla solsynkron bane.