Polarcelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polarcella fører kald luft i retning tropane, og varmare luft frå midlare breidder mot polane for å jamne ut temperaturskilnadane mellom pol og ekvator.

Polarcella er ein del av den atmosfæriske sirkulasjonen som fører energi frå tropane mot polane. Sjølv om lufta som når 60 ºN/S er kald og tørr samanlikna med den ekvatoriale lufta, er ho framleis varm og fuktig nok til at konveksjonen kan drive ein termal sirkulasjon. Den varme lufta stig og flyttar seg mot polane når ho når den øvre troposfæren rundt 8-10 km over overflata. Når lufta kjem over polområda er ho blitt avkjølt, og derfor tyngre, og søkk ned og dannar kalde, tørre høgtrykksområde. Lufta strøymer vekk frå polane langs overflata, og på grunn av corioliseffekten dannar denne lufta polar austavind.

Luftstraumen mot polane dannar harmoniske bølgjer i atmosfæren kalla rossbybølgjer. Desse svært lange bølgjene spelar ei viktig rolle i retninga til jetstraumen, som ein finn i overgangen mellom tropopausen og ferrelcella i samband med polarfronten. Polarcella er svært viktig i transport av varme og balanserar hadleycella i jorda sin energibalanse ved å sende kald luft i retning ekvator.

Hadleycella og polarcella liknar kvarandre på den måten at begge er driven av termale krefter. Altså eksisterer begge som følgje av overflatetemperaturen. Dei enorme energimengdene som er involvert i desse cellene påverkar vêrmønsteret i desse områda, og hindrar til og med visse værsituasjonar frå å oppstå. Den endelause rekka av høgtrykk og lågtrykk som passerer forbi på mildare breiddegrader, er noko folk på høge og låge breiddegrader ikkje merkar noko særleg til.

Desse atmosfæriske systema er stabile, så sjølv om styrken kan variere frå område til område over tid, vil dei aldri forsvinne heilt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]