Polarjo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polarjo

Status i verda: LC Livskraftig

Polarjo, mellommørk morf i Atlanteren utanfor USAFoto: Patrick Coin
Polarjo, mellommørk morf i Atlanteren utanfor USA
Foto: Patrick Coin

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Stercorariidae
Slekt: Stercorarius
Art: S. pomarinus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Pomarine Skua, Pomarine Jaeger
Vitskapleg namn
Stercorarius pomarinus

Polarjo, Stercorarius pomarinus, er ein sjøfugl i jofamilien Stercorariidae. Han hekkartundra i Arktis og er ein trekkfugl som overvintrar på havet i tropiske strøk.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein stor jo på 42 til 50 cm i lengd, og med sentrale halefjør på vaksne om sommaren, kan ein leggje til opptil 11 cm.

Identifisering av polarjo kan vere komplisert grunna likskapane med tjuvjo og eksistensen av tre morfar. Polarjoar er større enn fiskemåsar. Dei er mykje kraftigare, har breiare venger og er mindre falkaktige enn tjuvjo, men viser same breie spekter av variasjon i fjørdrakta. Fluktbiletet er meir rettlinja enn hos dei mindre artane.

Den lyse morfen av vaksne polarjoar har ein brun rygg, hovudsakleg kvit underside og mørke primære vengefjør med ein lys, flammande dobbelflekk. Hovudet og halsen er gulkvit med ei svart hette. Mørk morf av vaksne er mørk brune, og fuglar av mellommørk morf er mørke med litt bleikare undersida, hovud og nakke. Alle morfar har den kvite vengeflekken, som blir vist som ein karakteristisk dobbel «blits» på undervengen. I hekkedrakta har alle morfar to sentrale halefjør som er mykje lengre enn dei andre, dei er skeiforma, og vridd frå horisontalen. Ungfuglar er meir krevjande å identifisere, på avstand kan dei lett forvekslast med tjuvjo ut frå fjørdrakta åleine.

Polarjo hekkar på arktisk tundra og øyar, der han legg 2-3 olivenbrune egg. Som andre joar, vil dei åtake menneske eller andre inntrengjarar som nærmar seg reirplassen. Sjølv om åtaka ikkje kan påføre alvorlege skadar, kan opplevinga vere skremmande.

I hekketida lever polarjo mest av lemen og andre smågnagarar, men òg egg og fugleungar. Ute på havet sym dei ofte, men kan ikkje dukke, dei er dårlege stupdukkarar og kan ikkje fange anna fisk enn dei like under vassoverflata. Det meste av fisken dei et tar dei i staden gjennom parasittisme, det vil seie dei jagar andre fuglar akrobatisk, mest måsar og terner, til dei spyr opp fisk frå kroet som joen så fangar i flukta. Dei kan òg drepe fuglar opp til storleiken av ein fiskemåse.

Polarjo har ei sirkumpolar utbreiing. Hekkeområdet er nordlege Sibir, Nord-Canada og nordlege Alaska. Vinterkvarteret er vidt, blant anna havområdet vest for Afrika, Arabiahavet, Det karibiske havet, Stillehavet nordvest for Sør-Amerika og søraust for Australia.

Trekkruter til og frå hekkeområda som ligg nærast Skandinavia går dels langs vestkysten av Noreg, men nokre kryssar land og trekkjer deretter over Finskebukta og Austersjøen.[1] Somme år kan polarjo opptre som nomadar i Noreg, men sikker hekking var ikkje registrert i Noreg før i 2011 då det seks hekkande par blei registrert på Varangerhalvøya.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fonstad, Tore; Benny Génsbøl, Morten Günther, Jens Frimer Andersen, Bjarne Bertel (2008). Aschehougs fuglebok med CD-er. Oslo: Aschehoug. ISBN 978-82-03-23569-6. 
  2. Ingar Jostein Øien, Polarjoen hekker på Varangerhalvøya i Finnmark, Vår fuglefauna: medlemstidsskrift for Norsk ornitologisk forening 34 (2011), nr. 3, side 126-129

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Polarjo