Polen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Rzeczpospolita Polska

(norsk: Polen, polsk)

Det polske flagget Det polske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Mazurek Dąbrowskiego»
Motto
Geografisk plassering av Polen
Offisielle språk Polsk1
Hovudstad Warszawa
Styresett
Republikk
Bronisław Komorowski
Donald Tusk
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
312 685 km² (69.)
2,6 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
38 415 284 (33.)
122,9 /km² (64.)
Sjølvstende
  – Erklært

11. november 1918
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
725 200 mill. USD (20.)
18 800 USD (51.)
Valuta Zloty
Tidssone UTC +1
Telefonkode +48
Toppnivådomene .pl

1Regionalt òg tysk, kasjubisk, kviterussisk og ukrainsk

Republikken Polen eller berre Polen (polsk: Rzeczpospolita Polska eller Polska) er eit land i Sentral-Europa. Polen grensar mot Tyskland i vest, Tsjekkia og Slovakia mot sør, og Ukraina, Kviterussland, Litauen og Russland mot aust. Landet sine grenser vart endra etter den andre verdskrigen som fylgje av sovjetisk okkupasjon av det historiske Aust-Tyskland. Områda vart i røynda gjort til ein del av Polen, medan Polen måtte avstå store landområde i aust. Sovjetunionen hadde okkupert store område i aust under septemberfelttoget i 1939. Vestgrensa vart fastsett i ei avtale av 1990. Polen var fram til 1990 kjend som Folkerepublikken Polen og var underlagt Sovjetisk kontroll. Etter samanbrotet av kommunismen i Aust-Europa fekk landet meir sjølvstende og det kunne gjennomførast demokratiske val. Polen vart medlem av NATO i 1999 og av den europeiske unionen i 2004.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Tonasjonsrepublikken»

Historia til Polen kan reknast frå 900-talet då Piast-familien som regjerte området sigra over og sameinte fleire slaviske stammer.

I 1569 inngjekk Polen og Litauen union, og danna «Tonasjonsrepublikken».

«Republikken» (eigentleg «Samveldet», som på det meste dekte mesteparten av arealet til Polen av i dag, heile Litauen og Latvia, delar av Estland, Kviterussland, Ukraina, Romania og Russland, vart delt mellom naboane - Russland, Preussen og Austerrike i 1772, 1793 og til slutt i 1795, då Polen forsvann frå det europeiske kartet som stat.

Republikken Polen vart etter den fyrste verdskrigen oppretta på landområde erobra eller annektert frå dei tidlegare keisardøma Tyskland, Austerrike og Russland. I tillegg kom dei nye landa Tjekkoslovakia og Litauen, som meinte at Polen hadde fått nokre område som høyrde til dei. I alle høve vart Polen ein multi-etnisk stat.

Kart over Polen i 1939
Kart over Polen i dag

Den 1. september 1939 gjekk Tyskland til åtak på Polen den andre verdskrigen tok til i Europa. Kort etter, den 17. september, gjekk Den raude arméen til åtak på Polen frå aust. Molotov-Ribbentrop-pakta hadde løynlege punkt som regulerte dette. Med dette var delinga av Polen mellom Tyskland og Sovjet avslutta. Det polske landområdet var under krigen okkupert av Sovjetunionen og Tyskland fram til 1941, då Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen. Tyskarane tok snøgt resten av Polen. Terrorregimet til Hitler slo ekstra hardt til mot polske sivile. Dei tyske nazistane myrda over 6 millionar polske statsborgarar, av desse var over halvparten jødar, i tillegg til materielle øydeleggingar der mellom anna Warszawa vart jamna med jorda. Mange av dei tyske nazistane sine konsentrasjonsleirar vart oppført på polsk jord. Sovjetiske styrkar myrda på si side polske offiserar i den såkalla Katyn-massakren. Hundretusenvis av polakkar vart sende til arbeidsleirar i Sibir og Kasakhstan. Republikken vart gjenoppretta etter krigen, men som fylgje av sovjetisk-britisk-amerikanske avtalar vart landegrensene endra vestover. Polen vart etter kvart eit kommunistdiktatur, tildels styrt frå Sovjetunionen. Fleire gongar i etterkrigstida var det store streikar og protestar mot regimet, særleg i 1956, 1970 og 1980. I 1980 blei Solidarność (Solidaritet) oppretta som den første frie fagrørsla under leiing av Lech Wałęsa. I 1981 innførte styresmaktene unntakstilstand og Solidaritet var forbode til 1989. Som første land bak jernteppet utlyste Polen frie val i 1989. Polen blei medlem av NATO i 1999 og EU i 2004.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Provinsar[endre | endre wikiteksten]

Administrativ oppdeling av Polen

Ein polsk provins eller fylke heiter «eit voivodskap» (polsk: województwo). Landet har 16 slike voivodskap.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Polen er eit forholdsvis stort land, men ein finn ikkje dei store klimatiske variasjonane i landet. Vêret i seg sjølv varierer derimot ein del, både frå dag til dag og frå årstid til årstid. Sommaren har som regel varme dagar og ikkje altfor kjølige netter med temperaturar over 30 °C eller under 10 °C eit par gonger i løpet sommaren. Torevêr er forholdsvis vanleg frå mai til august, og innimellom kan vedvarande regn føre til flaum. I kystområda av Austersjøen går derimot torebyene over i regnbyer, og temperaturen er noko lågare, rundt 16-20 °C. Fjellområda Karpatane og Sudetane kan få mykje torevêr og store temperatursvingingar.

Hausten fører ofte med seg mykje fint vêr i store delar av Polen, inkludert skogområda i sør og ved foten av Karpatane. Nedbørsmengdene minkar vanlegvis om hausten, bortsett frå på kysten i nord som ofte får ein del yr. Temperaturane held seg stort sett over frysepunktet til ut i november. Når vinteren set inn vert det derimot skya og kaldt (ofte svært kaldt) med lett snøfall om lag annakvar dag. Dei austlege og nordlege områda er som regel dekte av snø i januar og februar, og sjølv langs Austersjøkysten kjem det vanlegvis snø, men sjeldan i store mengder. Langs kysten kan det derimot blåse ein del om vinteren. Enkelte vinterdagar kan temperaturen stige over 10 °C, særleg i sørlege område når ein sørleg fønvind strøymer over fjellrekkjene der.

Våren er like tørr som hausten, og dette er tida på året med flest klårvêrsdagar. Temperaturane kan derimot svinge ein god del, frå nesten sommarlege temperaturar om dagen til frost om natta. Warszawa, som er representativ for klimaet i store delar av Polen, har ein årleg nedbørsnormal på 555 mm, der om lag halvparten fell mellom mai og august.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Polen