Polesie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polesie (i gult) på eit kart over Ukraina

Polesie (eller Polesia og Palessie) er ei av dei største myrlendte områda i Europa i sørvestlege delar av Den austeuropeiske sletta, hovudsakleg i Kviterussland og Ukraina, men òg delvis innanfor Polen og Russland. Sumpområdet i Polesie vert kalla Pinsk-myrene (etter byen Pinsk) eller Pripjat-myrene (etter elva Pripjat).

Namnet Polesie har ei slavisk rot og tyder noko slikt som «skogområde». Polesie er den polske stavinga, kviterussisk Палесьсе, Paleśsie; ukrainsk Полісся, Polissia; russisk Полесье, Polesie; latin: Polesia.

Ein innbyggjar i Polesie vert kalla Palašuk på kviterussisk, Polisjtsjuk på ein lokal ukrainsk dialekt, Poleszuk på polsk og Polesjtsjuk på russisk

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Polesie er eit myrområde mellom elva Pripjat i sørlege område av Kviterussland (Brest, Pinsk, Kalinkavitsjy, Homel), nordlege delar av Ukraina (i oblasta Volyn, Rivne, Zjytomyr, Kiev, og Tsjernihiv), og delvis Polen (Lublin) og Russland (Brjansk). Det er ei slette innanfor nedslagsområdet til elvene Vestre Bug og Pripjat. Dei to elvene er knytt saman av Dnepr-Bug-kanalen, som vart bygd i tida rundt Stanisław August Poniatowski, den siste kongen i Den polsk-litauiske realunionen.

Av store sideelver til Pripjat finn ein Horyn, Stokhod, Styr, Ptyts og Jasielda. Dei største byane i området er Pinsk, Stolin, Davyd-Haradok. Store myromådet vart frå 1960- til 1980-talet tørrlagd og brukt som jordsbruksområde. Ein meiner at dette har skada miljøet rundt elveleiet til Pripjat.

Langt meir alvorleg er derimot etterverknadane etter Tsjernobylulukka. Store område vart forureina av radioaktive stoff, og området vert rekna som for farleg å bu i.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]