Polheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 90° S 0° E
Polheim
stasjon
none  Amundsen (til venstre) og følgjet hans ved Polheim i Sørpolen i desember 1911
Amundsen (til venstre) og følgjet hans ved Polheim i Sørpolen i desember 1911
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Sørpolen
 - koordinatar 90° S 0° E
Administrert under Antarktistraktaten
Polheim is located in Antarktis
Polheim (Antarktis)

Polheim var leiren til Roald AmundsenSørpolen, då han som førstemann nådde polpunktet den 14. desember 1911 i lag med fire andre medlemmar: Helmer Hanssen, Olav Bjaaland, Oscar Wisting og Sverre Hassel.[1]

Utrekningar[endre | endre wikiteksten]

Ved den første estimerte posisjonen av Sørpolen, erklærte Amundsen «Så plantar me deg, kjære flagg, på Sørpolen, og gjev denne sletta som du ligg nament Kong Haakon VIIs Platå.» Både det norske flagget og flagget til «Fram» vart planta.

Det hadde fleire gonger vore usikkerheit omkring påståtte bragder i polområda før ekspedisjonen til Amundsen, særleg Frederick Cook og Robert Peary som begge hevda at dei hadde vore først til Nordpolen. På grunn av dette var Amundsen særleg nøye med å skaffe bevis på at han faktisk hadde vore på polpunktet.

Når ein nærmar seg den geografiske Sørpolen (eller Nordpolen) vil lengdegradane springe saman, og på sjølve polpunktet vil alle lengdegradene møte kvarandre, slik at det ikkje er noko poeng i å måle desse. Amundsen valte derfor å fokusere på breiddegrader då han skulle finne polpunktet.

Med dei instrumenta Amundsen hadde med seg tok han høgde for at han ikkje kunne rekne ut polpunktet med mindre enn 1 nautisk mil (1,85 km) i feilmargin. Han valte derfor å sirkel inn polpunktet gjennom at tre av medlemmene i ekspedisjonen vart sendt ut på ski i forskjellige retningar. Etter 16 kilometer sette dei opp kvar sin stake med eit svart flagg og ein notis til Robert Falcon Scott om kvar basen var lokalisert.

Samstundes føretok Amundsen målignar av solhøgda for utrekning av den nøyaktig posisjon til polpunktet. Sidan teodolitten hadde blitt skadd tidlegare på ekspedisjonen vart målingane gjort med sekstant. Ut i frå desse målingane rekna Amundsen ut at dei fann seg i underkant av ni kilometer frå polpunktet. Dette punktet hadde blitt sirkla inn av dei tre som var sendt ut på ski.

Den 17. desember fortsette Amundsen mot det punktet han hadde rekna ut at polpunktet var og føretok nye målignar der i 24 timar. To av dei andre medlemmene passa på medan målingane vart gjort og signerte på navigasjonsbøkene. Dette vart gjort for å best mogeleg sikre bevis for at ekspedisjonen faktisk hadde nådd polpunktet.

Ut i frå disse utrekningane fann Amundsen at dei framleis var 2,4 kilometer frå polpunktet og to menn vart sendt ut for å sette opp ytterlegare merker. Amundsen sette opp fleire merker for å dekke det attverande området og på denne måten vart polpunktet sirkla inn til saman tre gonger.

Den 18. desember forlet ekspedisjonen Polheim. Eit reservetelt stod att med eit brev til Scott og eit brev til kong Haakon VII som Scott skulle levere dersom Amundsen ikkje kom trygt tilbake til Framheim. Det låg òg noko utstyr som Amundsen ikkje lenger hadde bruk for i teltet som Scott kunne bruke dersom det kunne vere til nytte. Begge breva vart seinare funnen saman med liket av Scott og dei andre britiske ekspedisjonsdeltakarane.

Da utrekningane til Amundsen seinare vart verifisert fann ein at det siste målingspunktet låg ca. 760 meter frå sjølve polpunktet. Det var ein merkverdig prestasjon med tanke på måleinstrumenta som vart nytta. Vidare har det blitt rekna ut at Helmer Hanssen kom berre 60 meter frå polpunktet då han sette ut merker.

Scott (til venstre) og følgjarane hans ved Polheim på Sørpolen i januar 1912.

Teltet[endre | endre wikiteksten]

Teltet har ikkje blitt sett sidan Scott forlet leiren i januar 1912. For å finne det att må ein rekne ut kvar AMundsen sette det opp i 1911, kvar isen har flytt sidan den gong og kor mykje snø det har blitt dekt med.

Utrekninga er blitt kalkulert til i dag å vere 89° 58′ 51″ S, 46° 14′ E,[2] med ein usikkerheit på kring 300 meter. Det ligg truleg under 17 meter med snø.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]