Politiets heiderskross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Politiet sin heiderskross, Politiets hederskors vert delt ut av Politidirektøren. Medaljen kan delast ut til norsk politipersonell som i politimessig samanhang har bidrege til å hindre tap av menneskeliv eller å avverge skader på materiell og eigedom med å vise personleg rådsnarleik under farlege tilhøve. Den kan óg delast ut til politipersonell som har vist personleg dugleik og mot utover det ein kan krevje under farlege tilhøve. Medaljen blir delt ut post mortem til alle som har mista livet under utføringa av farefulle politimessige tenesteoppdrag. Medaljen er forma som ein kross i gylt metall og kvit emalje. Adversen har kvite krossarmar. I sentrum av krossen er emblemet til Politietaten i raud emalje. Bak krossvingane er det prega gylt eikelauv. På reversen står det «HONOR ET MERITUM» (ære og innsats). Medaljen har eit oppheng som er forma som eikelauv med eikenøtt og ein gjennomgåande ring. Bandet er i svart og med to 2 mm breie, gule, vertikale striper ytterst på kvar side.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bilete og statuttar frå Politiet sitt regelverk