Politigrader i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Politigrader i Noreg er gradar brukt i Politi- og lensmannsetaten.

Gradane er inndelt i høgare gradar (politiembetsmenn) og lågare gradar (polititjenestemenn). Vanlegvis er det politijuristar som har høgare gradar, medan politiutdanna personar har lågare gradar i politiet. Unntaket er stillingen politiinspektør, som dei siste tiåra både har vore ein juriststilling på mellomnivå og samstundes den høgaste stillingen som politiutdanna kunne oppnå. For ikkje lenge sidan vart kravet til juridisk embetseksamen oppheva for andre høgare gradar òg (unnteke politiadvokat og politifullmektig), men utan juridisk embetseksamen får ein framleis sjeldan stilling som visepolitimesternivå eller høgare. Det er bere juristar som har påtalemakt og kan ta ut påtale i straffesaker.

Etter politiutdanning startar ein som politibetjent 1 (tidlegare konstabel). Politijuristar startar som politifullmektig. Etter minimum eitt år, oftast noko lenger, kan politifullmektigar kvalifisere seg til politiadvokat. Dette krev mellom anna at politijuristen har vore på kurs i regi av statsadvokane og at ein har godkjent juridisk tilleggsutdanning i regi av Politihøgskulen. Førstestatsadvokaten ved stadvokatembetet som politidistriktet høyrer til, må i tillegg ha funne politijuristen fagleg skikka til å kunne inneha utvida påtalekompetanse. Røynsle innan etterforkingleiing og -prosedyre vert vektlagt i denne samanhengen. Etter to år som politijurist kan ein få advokatløyve dersom ein har greidd det obligatoriske advokatkurset ved Juristenes Utdanningssenter.

Fagforeininga for juristar i politiet heiter Politijuristene. (Fram til 2008 var namnet Politiembedsmennenes Landsforening.) Fagforeininga for polititjenestemenn er Politiets Fellesforbund.

Dei fleste tilsette i Politi- og lensmannsetaten har ein grad, men det finnest også sivilt tilsette utanfor gradssystemet, slik som sakshandsamarar, rådgjevarar, økonomar, teknologar og ved Politihøgskulen aktuelle akademikarar. Bere tilsette med politigrader har generell politimyndigheit og kan kle seg i uniform.

Politigradene varierer i mykje frå land til land. Å integrere påtalemmakta i politiet som i Noreg gjer ein ikkje i dei fleste andre land.

Politiembetsmenn (høgare gradar)[1]
Grad Politidirektør Assisterande
politidirektør
Politimeister
og
Sysselmann
Visepolitimeister Politiinspektør
og
Politiadvokat
Politiadvokat Politifullmektig
Offisiell
engelsk
omsetting
National
Police
Commissioner
Assistant
National
Commissioner
Chief of Police Deputy
Chief of Police
Assistant
Chief of Police
Police
Prosecutor
Junior Police
Prosecutor
Samsvarer
med
engelske
gradar
Chief Constable Deputy
Chief Constable
Assistant
Chief Constable
- -
Skulder-
distinksjon
Polititjenestemenn (lågare gradar)
Grad Politistasjonssjef
og
Lensmann
Politioverbetjent Politiførstebetjent Politibetjent 3
tidlegare: politibetjent
Politibetjent 2
tidlegare: overkonstabel
Politibetjent 1
tidlegare: konstabel
Politi-
reserven
Offisiell
engelsk
omsetting
Chief
Superintendent
Superintendent Chief
Inspector
Inspector Sergeant Police
Constable
Police
Reserve
Samsvarer
med
engelske
gradar
Chief
Superintendent
Superintendent Chief
Inspector
Inspector Sergeant Police
Constable
Police Reserve
Skulder-
distinksjon

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia bokmål

  1. «Politiets uniformsreglement». Politietaten. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 29. mars 2010.