Politikaren Arne Vinje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Politikaren Arne Vinje
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. august 1951 (72 år)
Yrke skribent, politikar
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti

Arne Vinje (fødd 1951) er ein norsk gardbrukar, faglitterær forfattar som var ordførar i Vinje kommune frå 2003 til 2015.

Arne Vinje representerer SV og blei vald i eit valteknisk samarbeid der alle parti gjekk saman om å velje ein annan ordførar enn sitjande ordførar frå Arbeiderpartiet Børre Rønningen. Avtalen gjekk ut på at partiet som blei størst, skulle få ordføraren, og dermed blei Arne Vinje vald med støtte frå Høgre, KrF, Sp, SV og Bygdelista. Vinje er den første ordføraren frå SV i Telemark, og blei attvald i 2007 med støtte frå SV, Sp, KrF og Høgre.

Arne Vinje var leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag 2000-2002.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Den faglitterære forfattarskapen omfattar ei rekkje artiklar om historie, økofilosofi, politikk, kultur og kunst i bøker og tidsskrift, og følgjande eigne bøker:

  • Økologi - økofilosofi (red. saman med Paul Hofseth), 1975;
  • Søren - eit portrett av Henrik Sørensen, 1992;
  • Menneske - natur - kultur, 1994;
  • Kult og kyrkje, 1996;
  • Dyre Vaa, 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]