Politisk filosofi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Politisk filosofi er ei grein av filosofien som tek for seg problem og førestillingar knytt til menneska sine samfunn. Filosofien tek særleg for seg statsomgrepet og teoriar rundt staten sin framvekst, maktfordeling og oppgåver. Politisk filosofi kan vera deskriptiv, det vil seia leggja fram kjensgjerningar og prøva å forstå dei, eller normativ, det vil seia leggja fram mønster eller ideal for statsforfatningar eller politikarar. Nokre av dei viktigaste europeiske tenkjarane innan politisk filosofi er Platon, Aristoteles, Augustin, Machiavelli, Thomas Hobbes, John Locke, John Stuart Mill, Georg Wilhelm Friedrich Hegel og Karl Marx.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]