Pollachius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Pollachius
Sei, Pollachius virens
Sei, Pollachius virens
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Orden: Torskefisk Gadiformes
Familie: Torskefamilien Gadidae
Underfamilie: Gadinae
Slekt: Pollachius
Nilsson, 1832

Pollachius er ei slekt i torskefamilien som omfattar dei to artane lyr og sei (pale). Desse fiskane kan begge bli rundt ein meter lang og har ei sølvfarga sidelinje. Dei held til i Nord-Atlanteren, sei både i aust ved Europa og i vest ved Amerika. Begge er matfisk rekna som kvitfisk.

Lyr, Pollachius pollachius

Sei og lyr blir ofte steikte. I Noreg blir dei også mykje bruk til fiskekaker. På Shetland kler ein gjerne ungfisk i havre og steiker dei. På Orknøyane har ein tradisjonelt salta og tørka årsgamle fisk over torvbål. Salta og røykt fisk kan få ein lakseliknande raudfarge, og blir selt i Tyskland som Seelachs, 'sjølaks'. I Korea kan ein frysa og tine fisken fleire gonger for å få retten hwangtae, halvtørka han for å få ko-da-ri, eller tørka han heilt og eta han som book-o.

Forvekslingasartar[endre | endre wikiteksten]

Fisk i slekta Theragra (som berlevågfisk) blei tidlegare rekna til Pollachius. På engelsk er dei kjende under namnet pollock, som òg viser til sei og lyr. Polartorsk (Boreogadus saida) blei òg tidlegare rekna til slekta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pollachius