Polmak kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polmak kyrkje
kyrkje
Polmak kyrkje
Foto: Helge Høifødt
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Indre Finnmark
Sokn Polmak
Fellesråd Polmak og Tana
Arkitekt Ukjend (1853)
Trond Dancke (1959)
Material Tre
Innvigd 1853
 - Endringar Restaurert i 1959
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 180
Kart
Polmak kirke
70°04′30″N 27°59′42″E / 70.075°N 27.995°E / 70.075; 27.995
Wikimedia Commons: Polmak kirke

Polmak kyrkje er ei langkyrkje frå 1853 i Tana kommune i Finnmark fylke. Kyrkja ligg i bygda Polmak ved Tanaelva, under ein kilometer i luftlinje frå finskegrensa. Riksveg 895 går like ved kyrkja.

Byggverket er i tre og er bygd med 180 sitjeplassar.[1]Den blei sannsynlegvis reist etter teikningar laga lokalt og med merknadar frå Johan Henrik Nebelong.[2]

Kyrkja er langstrakt og sett saman av fire delar og midtpartiet som inneheld skipet og koret er den eldste.[3]

Kyrkja var i dårleg forfatning etter andre verdskrig. I samarbeid med Riksantikvaren stod Trond Dancke for ei utviding og restaurering av kyrkja i 1959. Inngangspartiet blei fornya og kyrkjeskipet forlenga. Kyrkja fekk òg eit galleri.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Polmak kyrkje frå kyrkjedatabasen
  2. Om Johan Henrik Nebelong i Norsk kunstnerleksikon, b.N-So, side 22 digital utgåve
  3. Polmak kirke frå Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]