Polmak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Polmak sokn)
Polmak
stad
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Tana
Postnummer 9845 TANA
Preposisjon i Polmak
Kart
Polmak
70°04′11″N 28°00′40″E / 70.069722222222°N 28.011111111111°E / 70.069722222222; 28.011111111111
Wikimedia Commons: Polmak

Polmak (nordsamisk Buolbmát, finsk Pulmanki) er ei bygd og eit kyrkjesokn i Tana kommune i Finnmark fylke. Polmak var også ein sjølvstendig kommune frå 1903 til 1964, sjå Polmak kommune.

Bygda[endre | endre wikiteksten]

Bygda Polmak ligg på sørsida av Tanaelva, kring ein kilometer austom riksgrensa mot Finland. Tana museum[1], Polmak tollstad[2] og Polmak kyrkje ligg her.

Riksveg 895 går gjennom bygda, og om vinteren går det isveg over Tanaelva frå Europaveg 75/Europaveg 6 på nordsida til Polmak.

Kyrkjesoknet[endre | endre wikiteksten]

Sirbmá kapell i Sirma.
Foto: kirkenorge.no

Polmak er eit kyrkjesokn i Indre Finnmark prosti i Den norske kyrkja[3] Soknet femner den sørlege delen av Tana kommune, medan den nordlege delen av kommunen tilsvarar Tana sokn.

Det er to kyrkjer i soknet, Polmak kyrkje frå 1853 i bygda Polmak, og Levajok fjellkyrkje frå 1973. I tillegg ligg Sirbmá kapell frå 1954 i Sirma.

Stadnamnet[endre | endre wikiteksten]

Det norske namnet Polmak er ei forvrenging av det nordsamiske namnet Buolbmát. Det samiske namnet er ikkje tolka.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Tana museum på nettstaden til Tana kommune».  Vitja 28. juni 2009
  2. «Om Polmak tollstad på nettstaden til Det norske tollvesenet».  Vitja 28. juni 2009
  3. «Om Polmak sokn på nettstaden til Den norske kyrkja».  Vitja 28. juni 2009
  4. Frette, Thor (1997). «Polmak». I Jørn Sandnes og Ola Stemshaug. Norsk stadnamnleksikon (4. utgåva, 2. opplaget utg.). Oslo: Det norske Samlaget. s. 351. ISBN 82-521-4905-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]