Polo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polokamp i Argentina.

Polo er ein lagidrett som oftast går føre seg til hest. Der finst andre versjonar av polo, til dømes elefantpolo, men hesteversjonen er vanlegast og mest kjend.

Reglar[endre | endre wikiteksten]

Polo går ut på å treffe motstandarlaget sitt mål med ein liten ball. For å treffe ballen vert ei lang kølle nytta. Det er fire hestar og fire ryttarar på kvart lag, og tevlinga går vanlegvis føre seg på ei stor grasbane. Ved innandørspolo er der tre spelarar på kvart lag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Polo oppstod i Austen og har ei over tusen år lang historie. Somme hevdar at polo fyrst vart spela i Persia (som er Iran i dag), medan andre hevdar at poloen sine røter er indiske. Seinare har mellom anna det britiske imperiet vore med på å spreie polosporten vidare. I dag er Argentina eit av landa som utmerkar seg. Polo var med i det olympiske programmet under fem sommar-OL. Fyrste gongen var i 1900 i Paris og siste gongen var i 1936 i Berlin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.