Polyfoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Polyfone)

Polyfoni (frå gresk «fleirklang») er ein type musikalsk satsteknikk, der det finst fleire stemmer, og alle stemmene er likeverdige. Polyfone musikkstykke er svært horisontale, og enkeltstemmene søkjer etter sjølvstende på ein slik måte at dei på same tida gjerne har ulike rytmar og melodiske rørsler.

Polyfonisk musikk hadde høgdepunktet sitt i renessansen og barokken, men er òg gjenoppliva i samtidsmusikken. Ei kjend musikalsk form som byggjer på polyfoni, er fugen.