Pommersk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fyrste sida av Stefan Ramułt sitt Ordbok over det kasjubiske, altso det pommerske språket (klikk på biletet for å forstørre)

Pommersk var ei gruppe av nærskylde dialektar som høyrde til den lechitiske undergruppa av vestslaviske språk. Det vart brukt i Pommern, og kasjubisk er den einaste dialekten som har overlevd fram til no. Den geografiske plasseringa gjorde at dialektane i gruppa viste trekk som er typiske både for polsk og polabisk.

Omgrepet det pommerske språket dukkar opp ganske ofte[1], men er upresist fordi dei faktiske forholda mellom dialektane ikkje er kjende, hovudsakleg grunna mangel på kjelder. Dette omgrepet opptrer ogso i samanhengar der det viser direkte til kasjubisk[2] eller til språket dei pommerske dialektane utvikla seg frå[3]. Tradisjonelle studiar i polsk dialektologi plasserer derimot pommersk inni det polske dialektområdet[4].

Den pommerske gruppa inneheld vestpommerske talemål, slovinsk talemål og kasjubisk. Gjensidige forhold mellom desse talemåla og forholdet deira til grannespråka polabisk og polsk er vanskeleg å vurdere, spesielt sidan det berre er kasjubisk som framleis er i live og vert brukt av relativt få menneske i det pommerske voivodskapet i Nord-Polen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Milewski, Tadeusz (2006) Językoznawstwo – PWN, Warszawa.
  2. Ramułt, Stefan (2011) Słownik języka pomorskiego, czyli kaszubskiego – Region, Gdynia.
  3. Lingvistisk kort av vestslaviske land i 800-950 med ei separat pommersk dialektgruppe
  4. Brückner, Aleksander (1960) Dzieje języka polskiego – Ossolineum, Wrocław.