Pompée Valentin Vastey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pompée Valentin Vastey eller Pompée Valentin, Baron de Vastey (17811820)[1] var ein haitisk forfattar, lærar og politikar. Vastey var av blanda opphav, med fransk far og haitisk mor.

I 1804, då Haiti erklærte seg sjølvstendig frå Frankrike, vart han kontorsjef for finansminister Andre Vernet, under leiing av Jean-Jacques Dessalines.

I 1811, då Henri Christophe erklærte seg sjølv som konge over Haiti, vart Vastey sekretæren hans. Seinare vart han også privatlærar for sonen hans, Victor Henri. Vastey hevda også at han hadde slåst i hæren til Toussaint og var tremenning til den franske romanforfattaren og dramatikaren Alexandre Dumas den eldre.[2] Vastey er best kjend for essaya sine om historia og samtida i Haiti. I Le Système Colonial Dévoilé kritiserte han til dømes dei dåverande raseteoriane.

Han vart avretta i eit opprør mot kongen i 1820.

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1814 – Le Système Colonial Dévoilé
  • 1815 – Réflexions Adressées aux Haïtiens de l’Ouest et du Sud
  • 1815 – Le Cri de la Patrie
  • 1815 – Le Cri de la Conscience
  • 1816 – Réflexions sur une lettre de Mazères. Ex-colon français, adressée à M. J.C.L. Sismonde de Sismondi, sur les noirs et les blancs, la civilisation de l'Afrique, le royaume d'Hayti, etc.
  • 1817 – Réflexions Politiques sur quelques Ouvrages et Journaux Français Concernant Haïti
  • 1819 – Essai sur les Causes de la Révolution et des Guerres Civiles en Haïti

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Patricia Schutt-Ainé: Haiti. A Basic Reference Book (Miami i USA: Staff of Librairie Au Service de la Culture, 1994), s. 90.
  • Earl Leslie Griggs og Thomas Prator: Henry Christophe and Thomas Clarkson: A Correspondence (Berkeley i USA: University of California Press, 1952).
  • Marlene Daut: «Un-Silencing the past: Boisrond-Tonnerre, Vastey, and the Re-Writing of the Haitian Revolution.» i South Atlantic Review 74.1, Winter 2009, s. 35–64.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vastey skreiv at han var fødd i 1781 i Ennery i Haiti i eit brev til den heidra britiske abolisjonisten Thomas Clarkson som var sendt frå Sans Souci 29. november 1819. Sjå Griggs 1952, s. 179.
  2. Daut, s. 56 og Griggs 1952, s. 181.