Pomperipossa i Monismanien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pomperipossa i Monismanien er ei satirisk forteljing skriven av Astrid Lindgren publisert i Expressen 10. mars 1976.

Astrid Lindgren skreiv henne då ho hadde oppdaga at ho betalte 102 % i skatt, og forteljinga vart eit viktig innlegg i debatten om høge marginalskattar og ei medverkande årsak til at sosialdemokratane mista makta ved valet 1976, for første gong på 40 år.

Historia er ein tydeleg allegori om Pomperipossa, som i eit rike langt borte skriv bøker for barn, men som sjølv om ho arbeider og slit berre får 5000 kroner i året å leve av.

I forbifarten nemner Lindgren at ein kan få sett ned skatten sin ved å kjøpe hus med stor gjeld. Det var eit stikk til den dåverande finansministeren Gunnar Sträng som hadde gjort akkurat det, og derfor, til trass for at han hadde høg inntekt, kunne betala ein latterleg låg sum i skatt det året.

Sträng hånte Lindgren i Riksdagen og hevda at ho ikkje kunne rekna, men vart seinare tvinga til å erkjenne at han hadde feil.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]