Pondus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pondus er ein norsk teikneserie av Frode Øverli. Han vart starta i 1995 og fekk sitt eige blad i 2000. Han går òg i ei rekkje aviser, mellom anna Dagbladet.

Handlinga i seria krinsar rundt tittelpersonen og venekrinsen hans. Pondus er ein middelaldrande mann med ei brennande interesse for fotball og klassisk tungrock, ei overdriven homofobi og sterk skepsis til mellom anna golf, volleyball, V-genserar, akvarium og tupéar. Serien tek òg for seg sjekking og familieliv.

Til skilnad frå tradisjonelle stripeserier som Billy og Hårek, utviklar figurane i Pondus seg heile tida. Pondus' beste ven Jokke var til dømes ein trygdesnyltar med enorme dameproblem i dei første stripene, medan han seinare både har arbeid og familie. Begge borna til Pondus har på si side vakse, om enn ikkje like mykje som ein skulle tru på 10 år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]