Pongtong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit DeHavilland Single Otter sjøfly flyt på pontongane sine.

Pongtong (frå fransk ponton) er eit flytemiddel som kan bera ei last, nytta i mange ulike samanhengar. Ein pongtong har eit skal, og innvendig er han fylt med luft eller eit luftfylt kunststoff. Ein pongtong kan vera laga av aluminium, stål, glasfiber, tre, betong eller gummi. Han kan ha eitt eller fleire innvendige rom.

Døme på pongtongar er understell på sjøfly, flyteringar for flugefiskarar og understell for flytebruer og flytebrygger.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pongtong