Ponoj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ponoj
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 15 500 km²
Lengd 426 km
Middelvassføring 166 /s
Kjelde KejvyhøgdeneKolahalvøya
Munning Kvitsjøen
Kart
Ponoj
66°59′03″N 41°16′44″E / 66.984163°N 41.278954°E / 66.984163; 41.278954
Wikimedia Commons: Ponoy River

Ponoj (russisk Поной) er ei elvKolahalvøya i Murmansk oblast i Russland og ei av sideelvane til Oka frå venstre. Elva er 426 km lang, den lengste på Kolahalvøya, og har eit nedslagsfelt på 15 500 km². Elva har ei middelvassføring på 166 m³/s.

Ponoj har utspring midt inne på Kolahalvøya, i den vestlege delen av Kejvyhøgdene, rundt 50 km aust for Lovozero. Elva buktar seg så austover gjennom eit landskap prega av åsar og myrlendte sletter mesteparten av løpet sitt. Det kjem fleire sideelvar inn frå nord, der den største er Atsjerjok. I likskap med hovudelva så har òg desse kjeldene sine i Keivyhøgdene, som dannar hovudvasskiljet på halvøya.

Nedanfor samløpet med den største sideelva frå sør, Purnatsj, skiftar Ponoj karakter og renn ned gjennom ei brattsida, canyonliknande dal med mange stryk. Ho munnar ut i Kvitsjøen ved Kapp Korabelnij, heilt aust på Kolahalvøya.

Elva frys til i månadsskiftet oktober/november og er isdekt til første halvdel av mai.

Ponoj er ei særs produktiv lakseelv, og er vorte særs populær hos europeiske fisketuristar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]