Pontefract

Koordinatar: 53°41′N 1°19′W / 53.683°N 1.317°W / 53.683; -1.317
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pontefract

Rådhuset
Rådhuset
Rådhuset
Plassering
Pontefract is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap West Yorkshire
Distrikt City of Wakefield
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

30 000
Koordinatar 53°41′N 1°19′W / 53.683°N 1.317°W / 53.683; -1.317
Diverse annan informasjon
Postnummer WF8
Telefon-retningsnummer 0 1977
Commons har multimedium som gjeld: Pontefract

Pontefract er ein by i West Yorkshire i England. Han ligg nær A1, M62 og Castleford. Byen er ein av fem i City of Wakefield.

Mottoet til byen er Post mortem patris pro filio, latin for «når faren døyr, støytt sonen». Dette er ein referanse til dei rojalistiske sympatiane til byen under den engelske borgarkrigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Pontefract kjem frå latin Pontus Fractus, «øydelagt bru». Byen ligg ved ein gammal romersk veg, no A639, som går sørover mot Doncaster. Pontefract er ikkje nemnt i Domesday Book (1086), men området han ligg i, kalla Tanshelf, er med.

Pontefract Castle er frå normannisk tid, og heitte opphavleg Pomfret. Det vart reist omkring 1070 av Ilbert de Lacy. Kong Rikard II av England vart myrda i slottet i 1400.

Under den engelske borgarkrigen omtalte Oliver Cromwell Pontedract som «ein av dei sterkaste innlandsgarnisonane i riket». Byen vart kringsett tre gonger, og borgarane leid hardt av svolt og fattigdom på grunn av dette. Den 24. mars 1649 enda den tredje kringsetjinga, og borgarane valde å be Parlamentet om løyve til å rive slottet slik at dei kunne unngå ei fjerde kringsetjing. Den 5. april 1649 byrja rivinga. Sjølv om mykje vart øydelagt er det enno mogleg å vitje slottsruinane.

Dagens Pontefract[endre | endre wikiteksten]

Pontefract har vore ein marknadsby minst sidan mellomalderen, og det blir framleis halde marknad der. Hovddagane er onsdag og laurdag, med ein mindre marknad på fredag. Det finst òg ein innandørs marknad som er open alle dagar unntatt torsdag ettermiddag og sundag.

Innbyggjarane kallar gjerne byen for Ponte eller Ponty, og nokre gonger blir han òg referert til som Ponte Carlo, eit ordspel på Monte Carlo.

Den sandrike og djupe jorda gjer Pontefract til ein av stadane på Dei britiske øyane der ein kan dyrke lakrisplanter. Dette blir ikkje lenger gjort, men byen har enno to lakrisfabrikkar, som blir ått av Haribo og Monkhill Confectionary. Det blir kvart år halde ein lakrisfestival, og diktaren John Betjeman skreiv eit dikt kalla «The Liquorice Fields at Pontefract».

Rett utanfor byen, i Ferrybridge, ligg eit kolkraftverk.

Pontefract General Infirmary er eit stort sjukehus, som ligg over eit gammalt eremittbustad som kan vitjast av publikum einskilde dagar. Sjukehuset er elles berykta for å vere det første staden der legen Harold Shipman drap eldre pasientar.

Pontefract Museum ligg i det gamle biblioteket i sentrum, og har utstillingar som viser historia til byen. Dei har òg oversyn over når ein kan vitje eremittbustaden under sjukehuset.

Det er tre jernbanestasjonar i byen: Pontefract Baghill som betener Dearne Valley Line mellom York og Sheffield og dessutan Pontefract Monkhill og Pontefract Tanshelf på linja mellom Leeds og Wakefield.

North-East-Wakefield College ligg i Pontefract.

Sognekirken All Saint er kjent for den doble vindeltrappa i tårnet. Han er bygd over ruinane av ei eldre kyrkje som vart øydelagt under borgarkrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]