Popol Vuh frå Tyskland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om det tyske bandet. For andre tydingar, sjå Popol Vuh (fleirtyding).
Popol Vuh
OpphavMünchen i Tyskland
Aktiv1970–2001
SjangerKosmische musik, ambient, New Age
PlateselskapLiberty, Pilz, United Artists, Kosmische Kuriere, Brain, Innovative Communications
Tidlegare medlemmerFlorian Fricke
Holger Trülzsch
Djong Yun
Conni Veit
Daniel Fichelscher
Klaus Wiese
Bob Eliscu
Frank Fiedler

Popol Vuh var eit tysk elektronisk avantgarde band starta av pianist og klaverspelar Florian Fricke i 1969 i lag med Holger Trülzsch (perkusjon) og Frank Fiedler (lydteknikar og teknisk assistent).[1] Andre viktige medlemmar dei enste ti åra var Djong Yun, Conny Veit, Daniel Fichelscher, Klaus Wiese og Robert Eliscu.[2] Bandet tok namnet sitt frå Popol Vuh, eit manuskript som inneheld mytologien til Quiché-folket av mayaene i høglandet i Guatemala og søraust for Mexico. Namnet tyder omtrent «møtestad».[1] Det norske bandet Popul Vuh med mellom andre Jahn Teigen er kalla opp etter det same manuskriptet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første albumet deira, Affenstunde, kom ut i 1970 og vert rekna som eit av dei tidlegaste verka innan space-musikk, med dei då nye lydane frå ein Moog synthesizer i lag med etnisk perkusjon. Dette fortsette berre med eitt album til, In den Gärten Pharaos, og songar som vart gjeve ut på filmmusikken til Aguirre, før Fricke i stor grad gjekk bort frå elektroniske instrument til fordel for piano-baserte komposisjonar frå Hosianna Mantra i 1972 og framover. Dette albumet markerte òg starten på ei meir open utforsking av religiøse tema i staden for den generelt andelege kjensla ein hadde i musikken. Gruppa nytta etter kvart mange typar instrument: blåseinstrument og strykarar, både elektriske og akustiske, og i lag tok dei med seg ein mystisk aura som gjorde musikken deira andeleg og sjølvgranskande.

Popol Vuh påverka mange andre band i Europa medn den unike dempa, men utførlege instrumenteringa, som henta inspirasjon frå Tibet, Afrika og førcolumbinask Amerika. Dei skapte draumeaktige lydbilete i lag med psykedeliske veggar av lyd, og vert rekna som føregangarar for dagens verdsmusikk, i tillegg til new age-musikk og ambient musikk.

Bandet laga mnusikk til filmar av Werner Herzog, som Aguirre, the Wrath of God, Nosferatu, Fitzcarraldo, Cobra Verde, Heart of Glass og The Enigma of Kaspar Hauser, der Fricke var med.

Florian Fricke døydde i München den 29. desember 2001 og gruppa vart oppløyst.

I oktober 2003 skreiv Klaus Schulze:

«Florian var og er den viktigaste føregangaren for moderne etnisk og religiøs musikk. Han valde elektronisk musikk og den store Moog'en hasn til å frigjere seg sjølv frå banda i tradisjonell musikk, men oppdaga raskt at han ikkje fekk mykje ut av det og valde ein akustisk veg i staden. Her skulle han skape ei ny verd, som Werner Herzog likar så godt, der han omformer tankemønstra frå elektronisk musikk til språket i akustisk etnisk musikk.»[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Popol Vuh Biography, Booklet to CD issue of "Popol Vuh Revisted & Remixed, 1970-1999", SPV recordings, 2011
  2. Michael Fuchs-Gambock, Gerhard Augustin: Booklet to CD re-issue of "Hosianna Mantra", SPV recordings, 2004
  3. Klaus Schulze, Oldau, October 7, 2003: Booklet to CD re-issue of "Hosianna Mantra", SPV recordings, 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]