Popular

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Popular»
Eurovision Song Contest 2011
Land Sverige
Artist(ar) Eric Saade
Språk Engelsk
Komponist(ar) Fredrik Kempe
Låtskrivar(ar) Fredrik Kempe
Resultat
Semifinalepoeng 155
Semifinaleplass 1
Finalepoeng 185
Finaleplass 3
Sverige i Eurovision Song Contest
«This Is My Life»
(2010)
«Popular» «Euphoria»
(2012)

«Popular» var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2011, framført på engelsk av Eric Saade. Songen vart teken med på albumet Saade Vol. 1.

Melodifestivalen 2011[endre | endre wikiteksten]

Under framføringane i Melodifestivalen vart glas knust på scena. Det var lenge usikkert om det skulle gjerast i Eurovision Song Contest òg, sidan glaset måtte fjernast før neste framføring. Arrangørane annonserte i april 2011 at dei kunne knuse glas på scena. Glasburet vart ståande på eit teppe som vart rulla opp etterpå.

Melodifestivalen 2012[endre | endre wikiteksten]

Eric Saade framførte delar av songen som opningsnummer i Melodifestivalen 2012, medan Élena Paparízou framførte sin eigen versjon av songen i pausen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]