Porjus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 66°57′35.186″N 19°49′10.844″E Porjus (samisk staving: Bårjås) er ein tettstad nord i Sverige. Staden ligg i Jokkmokks kommun i Lappland i Norrbottens län. Tettstaden voks fram på byrjinga av 1900-talet i samband med bygging av eit vasskraftverk på staden. I dag er kraftverket i Porjus energiselskapet Vattenfall sitt tredje største vasskraftverk med ei normal årsproduksjon på 1 233 GWh.

Slik som mange andre kraftverksamfunn, skulle tettstaden etter planen avviklast etter at utbygginga var ferdig. Trass i dette heldt busetnaden seg oppe, og på det meste var det 3 000 innbyggjarar. I dag er tettstaden den minste av Jokkmokks kommun sine tre tettstader. Elva Lule älv renn gjennom Porjus, vegen Riksväg 45 og jarnvegen Inlandsbanan går via tettstaden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]