Pork pie-hatt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein pork pie-hatt er ein filthatt for menn frå midten av 1900-talet og liknar ein trilby. Han er låg, med ein flat topp og eit søkk langs kanten på toppen. Bremmen er ganske liten og som oftast bretta opp, nokre har han ned foran. Han finst òg laga i strå. Namnet har han fått av di han liknar på ein kjøttpai.
Buster Keaton var kjend for å bruka pork pie-hatt.
Først blei porkpie-hatten ofte forbunde med jazz-musikarar, seinare med ska-musikarar frå Storbritannia. Charles Mingus skreiv ein elegi for den store jazz-saksofonisten Lester Young kalla «Goodbye Pork Pie Hat». I Storbritannia blei dei nytta av Rude boy-miljøet i 1960-åra, seinare tok snauskallene over hatten.
Stumfilmkomikaren Buster Keaton og musikaren Pete Doherty er andre som er kjende for å bruka slike hattar.

