Porphyrio
| Porphyrio | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Gruiformes | |
| Familie: | Rallidae | |
| Slekt: | Porphyrio | |
| Artar | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Porphyrio | ||
Porphyrio er ei biologisk slekt av rikser. Tre av dei fem nolevande Porphyrio-riksene har 'purpurhøne' som fellesnamn på norsk. Purpurhønene har utbreiing i dei varmare strøka i Afrika og Amerika, og sparsamt inn Asia og Europa. Dei to andre er dei langt større sultanhøne og takahe. Arten sultanhøne har med ca. 13 underartar utbreiing i Afrika, Iberia, Asia, Australia og Polynesia, takahe er ein fugl utan flygeevne, endemisk til New Zealand.
Fleirtalet av dei opphavlege artane i denne gruppa vart utrydda i holocen, men kvittakahe, som levede på Lord Howe-øya, Australia, vart utrydda av menneske så seint som på 1700-talet eller tidleg 1800-talet.
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Fjørdrakta i denne slekta varierer i svart, brunt og iriserande grønt, blått eller lilla. Ofte er vengene farga noko ulikt frå undersida. Berre kvittakahe hadde fjørdrakt i kvitt eller kvitt med blåskjer.
Storleiken varierer frå 33 cm for amerikapurpurhøne til 63 cm for takahe, sistnemnde med eit gjennomsnitt på 2,650 kg i vekt, omtrent som ei gås, og er den største gjenlevande riksa i verda.
Dei fleste artane lever i våtmark og beitar på myrplantar og eller insekt.
Ungane er kledde i svarte dunfjører, dei er sjølvhjelpte og beitar utelukkande på insekt første tida. Seinare kan dei ta planteføde.
Artslista [endre]
Porphyrio-riksene i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]
- Sultanhøne, Porphyrio porphyrio
- Takahe, Porphyrio mantelli
- Afrikapurpurhøne, Porphyrio alleni
- Amerikapurpurhøne, Porphyrio martinica
- Bleikpurpurhøne, Porphyrio flavirostris
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Porphyrio» frå Wikipedia på engelsk, og «Purpurhühner» frå Wikipedia på tysk, den 12. august 2012
Referansar [endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av Porphyrio-rikser hos Internet Bird Collection