Porsanger kommune
| Porsanger kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 2020 |
| Fylke | Finnmark |
| Adm.senter | Lakselv |
| Areal | 4 873 km² |
| Folketal | 3 961 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-2011) | Mona Skanke (Ap) |
| Språk | |
| Nettstad | www.porsanger.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Porsanger kommune på Commons | |
- For fjorden kommunen har fått namn etter, sjå Porsangerfjorden.
Porsanger (nordsamisk Porsáŋggu gielda, kvensk Porsangin kommuuni) er ein kommune i Finnmark fylke og den tredje største i Noreg. Kommunen grensar i nordvest mot Kvalsund og Måsøy, nord mot Nordkapp, i aust mot Lebesby, i sør mot Karasjok, og i vest mot Alta. Han heitte Kistrand kommune fram til 1964.
Porsanger er den einaste offisielt trespråklege og trekulturelle kommunen i Noreg, med nordsamisk, kvensk og norsk som offisielle språk.
Største tettstad og kommunesenter er Lakselv, som ligg inst i Porsangerfjorden. Mindre bygder ligg langs fjorden på båe sider, med Kistrand, Olderfjord, Børselv og Billefjord som dei viktigaste. I innlandet, langs E6 mot nabokommunen Karasjok finn ein Porsangmoen, med Garnisonen i Porsanger, og Skoganvarre. Stabbursdalen nasjonalpark ligg vest for Porsangerfjorden.
Lokalaviser i kommunen er Finnmark Dagblad og Ságat.
Innhaldsliste |
Tettstad i kommunen [endre]
- Lakselv - 2 237 innbyggjarar (2012)
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for Kistrand/Porsanger kommune frå 1920:
| 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 2160 | 2553 | 2972 | 3298 | 3600 | 3907 | 4568 | 4514 | 4358 | 3991 |
Bakgrunnsstoff [endre]
Systerprosjekt [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Porsanger (Kistrand) 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
| Kommunar i Finnmark | ||
|---|---|---|
| Alta · Berlevåg · Båtsfjord · Gamvik · Hammerfest · Hasvik · Karasjok · Kautokeino · Kvalsund · Lebesby · Loppa · Måsøy · Nesseby · Nordkapp · Porsanger · Sør-Varanger · Tana · Vadsø · Vardø | ||