Porsangerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vestsida av Porsangerfjorden

Porsangerfjorden (samisk Porsáŋgguvuotna, finsk Porsanginvuono) er den fjerde lengste fjorden i Noreg med ei lengd på 123 km. Han ligg i Finnmark fylke. Fjorden har innløp mellom Helnes fyrMagerøya i vest og SværholtklubbenSværholthalvøya i aust og går sørover til Brennelv (Lohtiniemi) og Lakselv lengst inn i landet. Av kommunar ved fjorden finn ein Nordkapp og Porsanger.

Omkring indre Porsangerfjorden består berggrunnen av Porsangerdolomitten som er ein over 200 meter tjukk lagpakke av dolomitt med stromatolittar.

Den indre delen av fjorden er til dels særs grunn og ved fjøre trekk sjøen seg enkelte stader langt ut frå strandsona. Den ytre delen av fjorden er derimot ned mot 300 meter djup enkelte stader nær Magerøya og aust for Lille Tamsøya (310 m)

Vestsida[endre | endre wikiteksten]

Repvåg er eit lite fiskevær på vestsida av Porsangerfjorden

Magerøya dannar vestsida av fjorden heilt ytst i fjorden. Her ligg byen Honningsvåg og fjordarmen Sarnesfjorden. På sørsida av Magerøya går Magerøysundet nordvestover og på sørsida av dette sundet ligg Lafjorden og Kåfjorden. Repvåg er eit fiskevær som ligg litt lenger sør.

Om lag halvvegs inn i fjorden stikk Bringsnes ut i fjorden. Her ligg Smørfjorden på nordsida og Olderfjorden på sørsida. Inst i desse fjordane ligg bygdene Smørfjord og Olderfjord. Ved Olderfjord startar E69 som går langs heile vestsida nordover til Honningsvåg. Innover fjorden går E6.

Vidare innover i fjorden frå Olderfjorden stikk ei rekkje nes ut i fjorden og dannar fleire viker og små fjordarmar. Ved Klubben ligg Ytre Billefjord på nordsida, medan Indre Billefjord ligg på sørsida.

Austsida[endre | endre wikiteksten]

Porsangerfjorden

Delen av Porsangerfjorden som går langs med Sværholthalvøya er ikkje busett og her finn ein berre enkelte små viker. Store Tamsøya er ei øy som ligg på austsida av fjorden, aust for Repvåg. Litt nord for denne øya ligg Lille Tamsøya. Ytre Kjæs er den første busetnaden ein kjem til om ein følgjer austsida innover fjorden. Frå her går Kjæsdalen austover til Lille Porsangen, som er ein fjordarm av Laksefjorden på austsida av Sværholthalvøya. Denne dalen markerer òg den sørlege grensa til halvøya. Frå her og eit godt stykke sørover følgjer Fv183 fjordsida. Den største busetnaden langs denne delen av fjorden er bygda Indre Brenna. Børselv er ei bygd som litt lenger sør. Børselv ligg inst i ei bukt på sørsida av Børselvnes. Frå her og inn fjorden går Riksveg 98 langs austsida av fjorden.

Den indre delen[endre | endre wikiteksten]

Børselvnes på austsida og neset Njarga på vestsida markerer eit skilje i fjorden. Frå her og inn til botn av fjorden ligg det ei rekkje øyar og holmar og skjer i fjorden og fjordsidene er til dels særs langgrunne. Særleg på vestsida ved innløpet til Vesterbotn kan fjorden fleire kilometer utover vere berre eit par meter djup. Den største øya i denne delen av fjorden er Reinøya (samisk Vasis). Andra øyar er Mámmal, Miellejátkkis, Stuorrajátkkis, Olggut, Siskkit, Coagan, Store Ørnøy og Skárku.

Frå botn av fjorden strekkjer Oldereidneset (samisk Njárggahuoš) seg om lag 10 km nordover i fjorde og deler den inste delen i to, Vesterbotn og Brennelvfjorden på vestsida og Austerbotn på austsida. Inst i Brennelvfjorden ligg Lakselv og Brennelv, og inst i Austerbotn ligg Fluberg.