Porsgrunds Porselænsfabrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Porsgrunds Porselænsfabrik

Porsgrunds Porselænsfabrik Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Org.nr.915 232 523
Skipa11. mai 1885
Morselskap3 Norske AS
HovudkontorPorsgrunn
LandNoreg
Produktporselen, feltspatporselen
StyreleiarAtle Brynestad
Adm.dir.Stine Gjørtz
Nettstadporsgrund.com

Porsgrunds Porselænsfabrik er ein norsk porselensfabrikk som vart grunnlagt i Porsgrunn i 1885. Grunnleggjaren var skipsreiar Johan Jeremiassen, medan tyske Carl Maria Bauer leidde oppbygginga av fabrikken. «PP», som fabrikken òg vert kalla, er den største turistattraksjonen i Porsgrunn. Fabrikken ligg heilt nede ved elva, ved det venstre bruhovudet til Porsgrunnsbrua, i innløpet til Telemarksvassdraget. I fabrikklokala finst det både utsal og museum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fabrikken vart grunnlagt i 1885 av skipsreiar Johan Jeremiassen. Den tyske porselensspesialisten Carl Maria Bauer leidde oppbygginga av fabrikken. 10. februar 1887 kunne den fyrste brenninga finne stad.[1]

Produksjonen i Porsgrunn vart vedtatt lagt ned i 2012.[2] Fleire tilsette blei sagt opp,[3] og det meste av produksjonen blei lagt til Tyskland. Men porselenssalet tok seg opp, og selskapet gjekk med overskot att.[4]

Bilete av produkt frå Porsgrunds Porselænsfabrik[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om oss, Porsgrunds Porselænsfabrik, henta 28. desember 2017 
  2. «Legger ned i Porsgrunn», Telemarksavisa (TA), 15. juni 2012 
  3. Lars Ravn (9. august 2012), «- Grunnlag for videre PP-drift», Telemarksavisa (TA) 
  4. Dag Tinholt (2. september 2013), PP leverer solide resultater 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bøe, Alf (1994): Nora Gulbrandsen på Porsgrund, Oslo. ISBN 82-7003-129-1
  • Bøe, Alf (1967): Porsgrunds Porselænsfabrik. Bedrift og produksjon gjennom åtti år. Oslo.
  • Engelstad, Helen (1944): Porselen og paramentet. Brukskunstneren Nora Gulbrandsens arbeider. Oslo.
  • Halvorsen, Josef og Larsen, Kjell Egil (1997) "Gammelt Porsgrund" Klenodier verd å eie. Porsgrunn. ISBN 82-992998-2-9.
  • Polak, Ada (1080): Gammelt porsgrund porselen. Oslo. ISBN 82-7003-024-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]