Porsgrunn kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Porsgrunn kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Porsgrunn
Areal 164,45 km²
 - land 161,36 km²
 - vatn 3,09 km²
Folketal 37 193  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Janicke Andreassen (Ap)
Kommunenr. 4001
Kart
Porsgrunn
59°8′31″ N 9°39′25″ E
Wikimedia Commons: Porsgrunn
Nettstad: www.porsgrunn.kommune.no

Porsgrunn kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen blei slegen i hop med dei tidlegare kommunane Brevik og Eidanger 1. januar 1964. Porsgrunn kommune grensar i nord til Skien kommune og Siljan kommune, i aust mot Larvik kommune, og i vest mot Bamble kommune. Høgaste punkt er Fjerdingen, 361 moh.

Porsgrunn by er administrasjonssenteret i kommunen. Byen ligg ved utløpet av Telemarksvassdraget og er ein viktig industriby.

Av næringsverksemd i Porsgrunn er det tung- og prosessindustri som skil seg ut. Norsk Hydro med Agri og Polymer-divisjonane, er Porsgrunn sin største industri-arbeidsgjevar. Yara, ein av dei største kunstgjødsel-fabrikkane i verda, er lokalisert her. Porsgrunds Porselænsfabrik, Eramet og Norcem er andre viktige industrielle aktørar i Porsgrunn.

Av kulturartilskipingar kan ein mellom anna nemna Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival (PIT).[1]

Bybakken i Porsgrunn
Porsgrunnselva med «Øssia» (Austsida/Østsida) i bakgrunnen

Namnet Porsgrunn[endre | endre wikiteksten]

Porsgrunn i år 1900.

Byen skal ha fått namn etter ei grunne – eller lita øy – i Porsgrunnselva som var tilvaksen med pors (myrica gale). Øya låg litt nedanfor der Porsgrunnsbrua no ligg, ved venstre breidd (jamfør kartet til venstre), der kjøpesenteret Downtown ligg no. Namnet blir i dag uttala /²poʃgrʉn/ [²pʰɔʃkɾʉn̻]. Fram til byrjinga av 1900-talet var /²posgrʉn/ [²pʰɔskɾʉn̻] den vanlege uttalen, og pors heitte /¹post/ [¹pʰɔs̻t̻] på tradisjonelt porsgrunnsmål.[2]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Porsgrunnsdialekten[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt talemål i Porsgrunn kommune er variantar av grenlandsmålet, som utgjer ei undergruppe av dei vikværske dialektane.

Folk frå Porsgrunn[endre | endre wikiteksten]

Cort Sivertsen Adeler (1622-1675)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Reynolds, Hans 1952. Porsgrunns-maal. Ordsamling og Porsgrunnsviser. (Skrifter fraa Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud. 2.) Oslo, i kommisjon hos Jacob Dybwad.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.pit.no
  2. Jf. Reynolds (1952).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°08′30.8″N 9°39′24.5″E