Port-au-Prince

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Port-au-Prince
Utsyn over Port-au-Prince
Utsyn over Port-au-Prince
Utsyn over Port-au-Prince
Byvåpenet til Port-au-Prince
Styresmakter
Land Haiti
Geografi
Flatevidd 36 040 000 km²
Innbyggjarar
 - By (2015)

987 310
Koordinatar 18°32′″N 72°20′″WKoordinatar: 18°32′″N 72°20′″W
Høgd over havet 98 m
Plassering
Satellittbilde av Port-au-Prince
Satellittbilde av Port-au-Prince
Satellittbilde av Port-au-Prince

Port-au-Prince (fransk utt. [pɔroˈprɛ̃s]; haitisk Pòtoprens) er hovudstaden og den største byen i Haiti. Det offisielle talet på innbyggjarar var 704 776 i 2003, men i det vidare folkesette området rundt byen reknar ein med det bur rundt 2 millionar. Byen er også hovudstad i departementet Ouest.

15. januar 2010 blei byen råka av eit kraftig jordskjelv som øydela bygningar og drap fleire titusentals menneske.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Port-au-Prince ligg på søraustbreidda av Gonâvebukta, ei naturleg hamn for arawakar som budde på staden før han blei kolonisert. Byen Port-au-Prince blei grunnlagd av franske kolonistar i 1749 over ei eldre spansk busetting, og har sidan vore den største byen i Haiti. I 1770 blei Port-au-Prince hovudstad i den franske kolonien Saint-Domingue i staden for Cap-Français (dagens Cap-Haïtien), og i 1804 for det sjølvstendige Haiti. Under den franske og den haitiske revolusjonen blei byen omdøypt til Port-Républicain, men fekk igjen namnet Port-au-Prince av keisar Jacques I av Haiti.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste offentlege kommunikasjonsmmiddelet i Port-au-Prince og Haiti er dekorerte pickupbilar og bussar kjende som tap-tap.

Alle dei viktigaste transportårene i Haiti går nær eller gjennom hovudstaden. Landet har tre motorvegar: Route Nationale #1, som byrjar i Port-au-Prince og går nordover til byane Montrouis og Gonaïves Route Nationale #2, som går sørover til Léogâne, Petit Goâve og Les Cayes, og Route Nationale #3, ein dårleg og lite brukt veg frå byen til Mirebalais, Hinche, Cap-Haïtien og det sentrale høglandet.

Port-au-Prince er den viktigaste hamnebyen til Haiti. Han har også ein flyplass, Aéroport International Toussaint Louverture, som ligg ei mil nord for byen og opna i 1965 (som François Duvalier-flyplassen). Flyplassen står for dei fleste internasjonale flygingane til og frå Haiti.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Industriar i Port-au-Prince er tobakk, tekstil, sement, kaffi og sukker. Turisme og konstruksjon har vore viktige næringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Haiti å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.