Port Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein del av Port Hills, med Summit Road.
Satellittfoto av Banks Peninsula, Port Hills er vulkanryggen øvst og til venstre.

Port Hills er ei fjellrekkje som dannar den nordlege avgrensinga til den gamle Lytteltonvulkanen, og som skil hamna i Lyttelton frå byen Christchurch i regionen Canterbury. Vulkankrateret er eit av dei to som opphavleg danna halvøya Banks Peninsula (Horomaka) for meir enn 12 millionar år sidan. Fjellrekkja Port Hills ligg tilnærma i austleg-vestleg retning, og hevar seg til toppar på mellom 350 og 500 m.o.h.. Fjellrekkja er viktig i geologisk, miljømessig og rekreasjonsmessig samanheng[1].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart først busett av māorifolk gjennom det 16. hundreåret. Under den tidlege europeiske busetjinga om lag 300 år seinare var Port Hills ein utfordrande barriere mellom hamna og den planlagde busetnaden i Christchurch. Det bratte og ulendte terrenget gjorde framkomsten svært vanskeleg. I mange år brukte dei fleste av busetjarane den stupbratte Bridle Path («bisselstien») for å transportera varer og utstyr på hesteryggen til slettene på den andre sida. I dag bind ein vegtunell og ein separat jarnvegstunell saman hamna og forstadar i byen, og tre vegstrekkjer som kryssar fjellrekkja – via fjellpassa Evans, Dyers og Gebbies – har samband med Summit Road.[2]

Geografi og bevaring[endre | endre wikiteksten]

Fleire forstadar til Christchurch strekkjer seg mot dei nordlege liene i Port Hills, mellom desse Cashmere, Heathcote Valley og Sumner. Andre delar av desse hellingane vert nytta til jordbruk og skogbruk, så vel som eit betydeleg tal av naturreservat som er oppretta til rekreasjonsføremål og for å ta vare på det biologiske mangfaldet. Initiativet til reservata vart teke av rådmannen i Christchurch, Harry Ell, ved byrjinga av det 20. hundreåret. I 1948 vart organisasjonen Summit Road Scenic Society danna for å halda fram med utviklinga og vedlikehaldet av reservata[2]. Fjellrekkja er eit viktig rekreasjonsområde for innbyggjarane i Christchurch, med fleire offentlege parkar og reservat, og inneheld også område for mountain biking og merka gangruter. Ein gondolbane til toppen av Mount Cavendish vart opna i 1992, Denne gir lett tilgang til fjelltoppen og er ein stor turistattraksjon i Canterbury.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Trass i utstrekt avskoging og rydding av den opphavlege underskogen som fann stad i den tidlege nybyggjarperioden, fyller eit mangfaldig dyre- og planteliv Port Hills. Innfødde fuglar som sporvefuglen maorihonningetar (Anthornis melanura), maori: 'korimako' eller 'makomako', viftestjertar, den vesle sporvefuglen gråbrystbrillefugl (Zosterops lateralis), den endemiske insektetaren igatagerygone (Gerygone igata) og bronsegauk (Chrysococcyx lucidus) er vanleg å treffa på i den attståande krattskogen. Medan maoridue (Hemiphaga novaeseelandiae), som ofte er å sjå i området, er endemisk til New Zealand, er andre, som til dømes svarttrast, bokfink og andre trastar er innførte og svært talrike artar. Det same gjeld mange insektartar, gekkoar og skinkar som er vanlege å finna. Stadeigne planteartar som til dømes Banks Peninsula hebe veks i bergsprekkene saman med sjeldne bregnar. Dei meir vêrutsette liene er dekte med sølvtussock og andre naturlege grasartar, uvanleg for område som ligg så nær urban utvikling. Den attverande gultreskogen inneheld 500-600 år gamle matai-, totara- og kahikateatre, i tillegg til fruktberande og blømande artar som kowhai, ribbonwood, mahoe, cabbagetre (Cordyline australis), kānuka og fuksia[3].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Christchurch City Council Port Hills Factsheet
  2. 2,0 2,1 [2] Christchurch City Council Natural Areas webpage
  3. [3] Christchurch City Council: Port Hills Wildlife

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Arnold Wall (1918) Ferns of the Port Hills – Christchurch.
  • Gordon Ogilvie (2009) The Port Hills of Christchurch – Christchurch. ISBN 9780958331562.
  • Rosemary Koller & Sally Tripp (2010) Ferns of the Port Hills – Governor's Bay [N.Z.]. ISBN 9780473173098.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 43°35′24″S 172°41′24″E