Port Royal i Nova Scotia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Port Royal i Nova Scotia is located in Canada Nova Scotia
Port Royal i Nova Scotia

Port Royal (i dag Annapolis Royal) var ein gong hovudstaden i Acadia og er i dag eit lite landleg samfunn på vestsida av den kanadiske provinsen Nova Scotia. Først låg Port Royal på nordsida av Annapolis Basin i Nova Scotia, der det i dag er reist ein rekonstruksjon av den originale busetjinga i Port-Royal. Etter at staden vart øydelagd (1613), vart Port Royal bygd opp att på sørsida. Britane gav staden namnet Annapolis Royal etter at dei erobra Acadia (1710).

Port Royal vart grunnlagd av Pierre Dugua, Sieur de Mons og Samuel de Champlain i 1605. Landsbyen var den første permanente europeiske busetnaden nord for St. Augustine i Florida. (to år seinare, hadde engelskmennene grunnlagd sin første permanente busetnad i Jamestown i Virginia.) Om lag 75 år etter at Port Royal vart grunnlagd, migrerte akadiarane frå hovudstaden og oppretta det som vart ein andre store akadisk busetnader før utkastinga av akadiarane: Grand Pré, Chignecto, Cobequid og Pisiguit.

Før Halifax vart grunnlagd i 1749, var Port Royal/ Annapolis Royal hovudstad i Acadia og seinare Nova Scotia i det meste av dei førre 150 åra. I løpet av den tida prøvde britane seks gonger å erobre Acadia med å ta hovudstaden. Dei klarte omsider å slå franskmennene i omleiringa av Port Royal i 1710. Dei neste 50 åra prøvde franskmennene og deira allierte å ta attende hovudstaden utan å lukkast.

Inkludert raidet som skjedde under den amerikanske sjølvstendekrigen, opplevde Port Royal / Annapolis Royal totalt 13 åtak, meir enn nokon annan stad i Nord-Amerika.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brenda Dunn. A History of Port Royal, Annapolis Royal: 1605-1800. Nimbus Publishing, 2004. s. viii

Koordinatar: 44°42′40″N 65°36′36″W