Port de Larrau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

x

Port de Larrau
Dei siste meterane av den franske sida

Dei siste meterane av den franske sida

Nord Sør
Passhøgd 1 573 m
Region Département Pyrénées-Atlantiques, Frankrike Provins Navarra, Spania
Stader Tardets / Larrau Ochagavía
Samband D 26 NA-2011
Fjellområde Pyreneane
Profil
Klatrekategori HC
Stigning (snitt) 8,1 %x (1 193 m / 15,3 km) 4,2 %x (803 m / 19,3 km)
Stigning (maks) 13 % 8 %
Kart
Port de Larrau (Frankreich)
Port de Larrau
x
Koordinatar 42° 58′ 26″ N, 0° 59′ 35″ VKoordinatar: 42° 58′ 26″ N, 0° 59′ 35″ V

Port de Larrau (spansk: Puerto de Larrau, baskisk: Larraineko mendatea eller Uthurzéhétako-Lépoua i den lokale baskiske dialekten Zuberoa) er eit 1 573 meter[1] høgt fjellpass i de sentrale Pyreneane. Det dannar overgangen mellom den tidlegare provinsen Soule i fransk Baskerland og den spanske Valle de Salazar. Det vil seie at den utgjer forbindelsen mellom département Pyrénées-Atlantiques og regionen Navarra. Over passhøgda ruvar den 2 017 m høge Pic d’Orhy (på spansk Orhi).

Strekning[endre | endre wikiteksten]

Når ein kjem frå nord fører vegen først gjennom dalen Gave de Larrau, deretter opp ein bratt stigning til staden Larrau på 630 moh. Her startar den eigentlege passvegen som over ei lengd på 7,3 km stig drøye 700 høgdemeter til den 1362 m høge Col d’Erroymendi. Utan store høgdeskilnader følgjer vegen deretter den austlege sida til Pic d’Orhy opp til 1424 moh. Dei siste 1,5 km opp til passhøgda er bratt med tre kurver. Den spanske sida er mykje flatare, til landsbyen Ochagavía på 758 moh. er det 19 km. Den øvre strekninga er 10,5 km lang med ein høgdeskilnad på 665 meter.

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

Port de Larrau har så langt stått to gonger på Tour de France-programmet, og er på grunn av den store stigninga klassifisert som Hors Catégorie – den hardaste kategorien. I 1996 vann Richard Virenque 17. etappe til Pamplona. I 16. etappe under 2007-Touren nådde Vicente Garcia Acosta passhøgda først, tett følgd av Juan Mauricio Soler som leia forfølgargruppa.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1 585 m som det står på skiltet gjeld grensesteinen ved vegen ovanfor

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Port de Larrau