Port de Pailhères

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

x

Port de Pailhères
Fritidssyklistar på Port de Pailhères

Fritidssyklistar på Port de Pailhères

Vest Aust
Passhøgd 2 001 m
Département Ariège
Stader Ax-les-Thermes Mijanès
Samband D25
Fjellområde Pyreneane
Profil
Stigning (snitt) 6,9 % (1 281 m / 18,6 km) 8,2 % (871 m / 10,6 km)
Stigning (maks) 10,4 % (ved km 18) 10,2 % (ved km 9)
Kart
Port de Pailhères (Frankreich)
Port de Pailhères
x x
Koordinatar 42° 44′ 0″ N, 1° 59′ 33″ AKoordinatar: 42° 44′ 0″ N, 1° 59′ 33″ A

Port de Pailhères (òg Col de Pailhères) er eit 2 001 m høgt fjellpass i den franske delen av Pyreneane. Passet ligg ved vegen D25 i département Ariège. Aust for passet ligg landsbyen Mijanès og i vest Ascou i nærleiken av Ax-les-Thermes.

Frå Mijanes er distansen til Col de Pailhères 10,6 km med ein høgdeskilnad på 871 m, dvs. med eit snitt på 8,2 %. Maksgradienten er 10,2 %. Frå Ax-les-Thermes er det 18,6 km til passhøgda. Høgdeskilnaden er 1 281 m, dvs eit snitt på 6,9%. Maksimum er 10,4 % i nærleiken av toppen.

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

Port de Pailhères stod på Tour de France-programmet i 2003, 2005, 2007 og 2010. Klatringa opp er plassert i den hardaste kategorien, Hors Catégorie.

År Etappe Kategori Start Mål Leiar over toppen
2010 14 HC Revel Ax-3 Domaines Christophe Riblon
2007 14 HC Mazamet Plateau-de-Beille Rubén Pérez
2005 14 HC Agde Ax-3 Domaines Georg Totschnig
2003 13 1 Toulouse Ax-3 Domaines Juan Miguel Mercado

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]