Portland i Maine
| Portland | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| County | Cumberland |
| Geografi | |
| Innbyggjarar - By - Storbyområde |
64 249 230 000 |
| Diverse anna | |
| Nettstad: www.ci.portland.me.us | |
Portland er den største byen i den amerikanske delstaten Maine. Byen ligg ved atlanterhavskysten, i Cumberland County sør i delstaten. Portland er idag det økonomiske og kulturelle senteret av Maine, og er eit populært turistmål på grunn av det historiske hamneområdet.
Historie [endre]
Portland har hatt fleire namn. Urfolka som først budde her kalla staden Machigonne. Britane som slo seg ned her i 1632 grunnla ein hamneby dei kalla Casco, seinare, i 1658, Falmouth. Byen blei lagd i ruinar av wampanoagane i 1675, og igjen i 1775 av britane under sjølvstendekrigen.
Ein del av Falmouth kjend som The Neck ('Halsen'), blei bygd ut som hamneområde skild frå resten av byen, og fekk namnet Portland i 1786. Portland var delstatshovudstad i Maine frå staten blei medlem av USA i 1820 til 1832, då hovudstaden blei flyttet til Augusta.
I 1866 brann mykje av Portland ned til grunnen på den amerikanske sjølvstendedagen 4. juli. Byen blei hovudsakleg bygd opp att i stein- og murbygningar.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Portland i Maine» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2008.