Portobelo

Koordinatar: 9°33′N 79°39′W / 9.550°N 79.650°W / 9.550; -79.650
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Portobelo i Panama)
Panamakanalen

Portobelo (tidlegare Puerto Bello) er ein hamneby i Colón Province i Panama. Han har rundt 5000 innbyggjarar og ei djup, naturleg hamn.

Byen vart grunnlagt i 1597[1] og fram til 1700-talet var han ein del av Ny-Granada i Det spanske imperiet. Han var i denne perioden ei viktig hamn for eksport av mellom anna sølv. I 1668 leia sjørøvaren Henry Morgan 450 kaperar i eit åtak mot byen, som på den tida hadde gode festningsverk. Han omleira byen i to veker og plyndra til seg at han kunne av verdisaker.

Den 21. november 1739 under krigen om øyra til Jenkins vart byen igjen angripe, denne gongen av ein britisk flåte under admiral Edward Vernon. Åtaket viste kor sårbare dei spanske handelsrutinane var, og førte til endringar i måten dei vart gjennomført. Spanjolane endra no taktikk, og gjekk frå store flåtar som vitja få hamner, til mindre flåtar som vitja langt fleire hamner. Dei gjekk no òg rundt Kapp Horn for å handle i hamner på vestkysten av Amerika. Åtaket øydela økonomien til Portobelo, som ikkje kom seg på fote att før Panamakanalen vart bygt.

I 1980 vart Fort San Lorenzo innskrive på verdsarvlista til UNESCO.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

9°33′N 79°39′W / 9.550°N 79.650°W / 9.550; -79.650