Portree

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Portree

skotsk-gælisk Port Rìgh
Portree hamn
Portree hamn
Plassering
Portree is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Ross and Cromarty
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

2 491
Koordinatar 57°25′″N 0°371′″WKoordinatar: 57°25′″N 0°371′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer IV51
Telefon-retningsnummer 0 1478
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Portree

Portree (Skotsk gælisk: Port Rìgh) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 2500 innbyggjarar og er den største staden på øya Skye i dei Indre Hebridane. Den vesle hamna ligg skjerma til mellom svarte klipper og det pyramideforma fjellet Ben Tianavaig på austkysten av øya, inst i ei bukt ovanfor naboøya Raasay.

Namnet kan kome av det gæliske Port Rìgh som tyder «hamna til kongen». I så fall heng namnet kanskje saman med eit kongebesøk i 1540; då kom kong Jakob V til staden.

Men opphavet til namnet kan òg vere Port Ruighe eller Portrigheadh - hamna i skråningen eller hamna i åssida. Før 1500-talet var staden kjent som Kiltaragleann.

Omkring 939 personar (37,72 %) snakkar gælisk i byen.

Portree har eit museum om historia til øya, The Aros Experience. Det gjev detaljar om Bonnie Prince Charlie og Flora MacDonald, og ein ser nokre av gullplatane til det skotske bandet Runrig. Staden har ein pongtong bygd etter teikningane til den skotske arkitekten og sivilingeniøren Thomas Telford.

Rett i nærleiken ligg den vesle landsbyen Skeabost.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Portree