Portsmouth

Koordinatar: 50°49′N 1°5′W / 50.817°N 1.083°W / 50.817; -1.083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Portsmouth
City of Portsmouth

Portsmouth sett frå Ryde på Isle of Wight
Portsmouth sett frå RydeIsle of Wight
Portsmouth sett frå RydeIsle of Wight
Kallenamn
«Pompey»
Plassering
Portsmouth is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Hampshire
Distrikt Sameint styresmakt
Geografi
Flatevidd
 - By

40,25 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik
 - Storbyområde

203 500
  5 055,9 /km²
1 547 000
Koordinatar 50°49′N 1°5′W / 50.817°N 1.083°W / 50.817; -1.083
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.portsmouth.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Portsmouth

Portsmouth er ein by og ei sameint styresmakt i Hampshire i det søraustlege England. Byen ligg sørkysten av England. Byen har kring 200 000 innbyggjarar. Byen ligg på Portsea Island der Solent munnar ut i Den engelske kanalen. Øya er ei av dei tettast folkesette områda i Europa.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Området har vore folkesett i lang tid, til dømes med den romerske hamna Portus Adurni ved Portchester, noko nord for Portsmouth. Byen vart truleg grunnlagt i 1180 av den normanniske grev Jean de Gisors, tidlegare dateringar er usikre på grunn av lite dokumentasjon frå denne tida. Byen fekk sin første Royal Charter i 1194 av Rikard Løvehjarte med rettar å halde marknader og vart dermed ein borough.

Round Tower, eit av dei eldste forsvarsanlegga i Portsmouth vart bygd i 1418.

Alt rundt 1200 nytta kong Johan hamna for å byggje skip til ein planlagd invasjon av Normandie. Det vart skipa eit hospital her, og byen var utgangspunkt for troppane til England i krigen mot Frankrike. Det førte til at byen vart angripen og øydelagd fleire gonger av franskmennene gjennom 1300-talet.

Under kong Henrik V tidleg på 1400-talet byrja ein å byggje forsvarsanlegg og byen vart no for alvor etablert som heimehamn for England sitt sjøforsvar. På 1600-talet tok marinen til landet form. Tydinga til byen er tett knytt til framvoksteren til den britiske marinen under både mange krigar, særleg Napoleonskrigane, men òg i samband med etablering av dei britiske koloniane. Både dokkanlegg, skipsbygging og produksjon av delar for skipa løfta handelen til byen og produksjon. Han var ein av dei første plassane der ein skifta frå manufaktur til industriell produksjon i byrjinga av 1800-talet nettopp for utrusting av Royal Navy.

I byrjinga av andre verdskrigen var byen utsett for ein del tyske bombeåtak som skadde både hamna, industri og den historiske bykjernen. Seinare i krigen segla invasjonsflåten til D-dagen for ein stor del ut av Portsmouth.

Gjenoppbygginga av Portsmouth vart gjort til dels utan å ta omsyn til den historiske byen. Typiske bustadblokker utanfor byen vart bygd. I nyare tid har ein freista å reversere nokre av feila frå denne tida. Eit signalbygg for Portsmouth vart det 170 m høge Spinnaker Tower i innseglinga til hamna (ferdig 2005).

Lord Nelson sitt linjeskip HMS «Victory» ligg i Portsmouth som museumsskip.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget Portsmouth FC spelar i Football League Championship, og har heimebana si på Fratton Park.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Portsmouth