Portugisisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Portugal

Portugal er ein kystnasjon sørvest i Europa. Det portugisiske fastlandet ligg på Den iberiske halvøya og grensar berre til Spania i aust og nord. Grensa er 1214 km lang. Trass i den totale lengda så anerkjenner ikkje Portugal grensa frå deltaet til elva Caia til deltaet til elva Cuncos etter at Olivença-området vart okkupert av Det spanske kongedømet i 1801. Dette området, som i dag er okkupert av Spania, høyrer til Portugal, men det er ikkje anerkjend nokre grenser i dette området. I vest har Portugal ei 1793 km lang kystlinje mot Nord-Atlanteren. Portugal kontrollerer òg øyane Asorane og Madeira, som ligg strategisk til langs sjørutene inn mot Gibraltarsundet mellom Atlanterhavet og Middelhavet. Totalt dekkjer landet eit areal på 92 391 km² der 91 951 km² er land og 440 km² vatn.

Geografiske koordinatar: 38°43′N 8°5′WKoordinatar: 38°43′N 8°5′W

Maritime krav:
kontinentalsokkel: til djup på 200 meter eller til djup som kan utnyttast.
eksklusiv økonomisk sone: 200 nautiske mil (370 km)
territorialfarvatn: 12 nautiske mil (22 km)

Naturfarar: Både Asorane og kysten av fastlandet er utsett for kraftige jordskjelv, samt sjans for vulkanutbrot på Asorane. Skogbrann og ekstremvêr er heller ikkje uvanleg.

Fastlandet[endre | endre wikiteksten]

Det portugisiske fastlandet er delt i to av den største elva, Tejo. I nord er landskapet fjellkledd i dei indre områda med platå, med fire store dalar med høve for jordbruk.

Frå elva og sørover til Algarve finn ein hovudsakleg åslendt landskap og eit klima som er noko varmare og tørrare enn i nord. Andre store elvar er Douro, Minho og Guadiana, som i tillegg til Tejo alle har kjeldene sine i Spania. Ei anna viktig elv er Mondego, som har utspring i Serra da Estrela, det høgaste fjellet på det portugisiske fastlandet med 1993 meter over havet.

Øyane[endre | endre wikiteksten]

Asorane og Madeira ligg på Den midtatlantiske ryggen og nokre av dei har hatt vulkansk aktivitet i nyare tid. To øyar vart i 1563 knytt i saman etter eit vulkanutbrot. I dag er dette øya São Miguel. Det siste vulkanutbrot på øyane var Vulcão dos Capelinhos (Capelinhos-vulkanen) i 1957, vest på øya Faial. Dette auka arealet til øya. Dom João de Castro Bank er ein stor undersjøisk vulkan som ligg midt mellom øyane Terceira og São Miguel, og som berre ligg 14 meter under havoverflata. Han hadde sist utbrot i 1720 og danna då ei øy som var 1,5 km lang og 250 meter brei. Ho var over vatn i mange år før erosjonen braut ho ned att. Forskarar reknar med at det kan dannast ei ny øy her i framtida. Det høgaste punktet i Portugal, Ponta do Pico på 2351 meter over havet er ein gammal vulkan som ligg på øya Pico.

Kysten[endre | endre wikiteksten]

Portugal har ei lang kystlinje, 943 km på fastlandet, 667 km i Asorane og 250 km på Madeira og Selvagensøyane. Den portugisiske kysten er kjend for dei fine strendene, særleg dei langs Algarvekysten. På Porto Santo trekk sanddynene til seg mange turistar. Eit anna område er Ria de Aveiro (nær Aveiro, ein by kalla «Den portugisiske Venezia»), som er eit 45 km langt og 11 km breitt elvedelta med mykje fisk og sjøfugl. Deltaet består av fire hovudkanalar med fleire øyar og holmar imellom og her møter elvane Vouga, Antuã, Boco og Fontão kvarandre. Sidan 1500-talet har deltaet danna ein lagune og til alle tider har ein utnytta området til produksjon av salt. I romartida vart det eksportert salt til Roma.

Varme og tørre forhold førte til mange kraftige skogbrannar i sørlege og sentrale delar av Portugal og sentrale område av Spania sommaren 2003. Då dette bilete vart teke i januar 2004 kunne ein framleis sjå spor av brannane i sentrale område av Portugal og langs grensa til Spania i form av ein mørk raudfarge.

Eksklusiv økonomisk sone[endre | endre wikiteksten]

Portugal si eksklusive økonomiske sone

Portugal har den tredje største eksklusive økonomiske sona i EU og den ellevte største i verda.

Innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Det finst ingen store naturlege innsjøar på det portugisiske fastlandet, og dei største vassflatene her er kunstige vassreservoar (som Alqueva-dammen på 250 km², den største i Europa). Det er derimot fleire lagunar i Portugal:

Nokre av lagunane ligg nær Atlanterhavet, som Albufeira-lagunen (ved Setúbal-halvøya) og Óbidos-lagunen (nær Foz do Arelho, Óbidos). På Asorane er det danna innsjøar og lagunar i dei utdøydde vulkanane. Lagoa do Fogo og Lagoa das Sete Cidades (to små innsjøar knytt saman av eit lite sund) er dei mest kjende innsjøane på São Miguel.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Portugal utgjer den vestlege delen av Den iberiske halvøya, og møter ofte lågtrykk frå Atlanterhavet om vinteren. Det meste av nedbøren fell i Portugal og ikkje mykje går vidare til Spania i aust. Fjellområda i den nordlege halvdelen av Portugal forsterkar denne effekten. Enkelte av dei nordlege vêrstasjonane får like mykje nedbør om vinteren som vestkysten av Irland og Skottland, med snø i høgda. Lågtrykka streifer vanlegvis berre innom dei sørlegare områda, som Faro og Beja, og her regnar det gjerne berre eit par gonger i veka om vinteren. Vintertemperaturane langs kysten er om lag som langs kysten av Spania, men i fjella er det vesentleg kaldare.

Om somrane er det som regel fint vêr, men Atlanterhavet fører stundom med seg litt fukt over land. Temperaturane når vanlegvis 24-30 °C på ettermiddagen langs kysten, medan det er litt lågare temperaturar i fjellområda. I den søraustlege delen av Portugal kan det derimot bli svært varmt, og Riodades målte ein gong 50 °C. Dei nordlege områda kan få ei og anna regnbye om sommaren, medan det stort sett er tørt lenger sør. Temperaturane er òg behagelege om våren og hausten, og nedbøren held seg på eit minimum frå mai til november. Lisboa har ein normal årsnedbør på 708 mm, og berre 17 mm av dette kjem i perioden juni-august. Porto, som ligg lenger nord på kysten, får derimot 1150 mm i året, medan Faro berre får 521 mm (7 mm frå juni til august).

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Miljøproblem: Jorderosjon, luftforureining frå industri og biltrafikk, vassforureining, særleg i kystområda.

Internasjonale miljøavtalar:
delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljøfarleg avfall, havrett, avfallsdumping til sjøs, bevaring av marint liv, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer, våtmarksområde.
signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved persistente og flyktige organiske stoff, Kyotoavtalen, miljømodifisering, forbod mot atomprøvesprengingar.

Geografiske ytterpunkt:
lågaste punkt: Atlanterhavet 0 m
høgaste punkt: Ponta do PicoPico i Asorane 2351 moh

Naturressursar: fisk, skogar (kork), wolfram, jernmalm, uran, marmor, dyrkbar mark, vasskraft

Arealbruk:
dyrkbar mark: 26 %
permanente avlingar: 9 %
permanente enger: 9 %
skogområde: 36 %
anna: 20 % (1993 est.)

Irrigert land: 6300 km² (1993 est.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Geography of Portugal» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2008.
  • Visible Earth. NASA-Goddard Space Flight Center. [1]. A collection of satellite images of Portugal and the surrounding region.
  • "Portugal." CIA World Factbook. Central Intelligence Agency. [2].
  • Symington, Martin. Portugal (Eyewitness Travel Guide series). Dorling Kindersley Publishing: 2003. ISBN 0-7894-9423-X.