Porvenir i Chile
| Porvenir | |||
|---|---|---|---|
| Byen i oktober 2006. | |||
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land Region Provins Øy |
Chile Región de Magallanes y de Antártica Chilena Tierra del Fuego Storøya |
||
| Grunnlagt | 1883 | ||
| Alcalde | Fernando Callahan Giddings | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
6982,6 km² |
||
| Innbyggjarar - By (2002) - folketettleik |
5465 0,78/km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 5 m | ||
| Tidssone | -4 (UTC-4) | ||
| Diverse anna | |||
| Telefon-retningsnummer | +56 | ||
Porvenir (spansk: «Framtid») er ein chilensk by på Storøya i Eldlandet. Porvenir er ein bykommune og provinshovudstad i den chilenske provinsen Eldlandet i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. I 2002 registrerte ein 5465 innbyggjarar, noko som gjer Porvenir til den største chilenske byen på øygruppa.
Historie [endre]
Byen vart grunnlagt i 1883 under gullrushet på Eldlandet. Mange gullgravarar kom då sørover frå Fastlands-Chile, og europearar på jakt etter lukka kom med skip over Atlanteren til «den nye verda». Dei fyrste busetjarane i Porvenir var kroatiske innvandrarar og folk frå Los Lagos, lenger nord i Chile. Enno finst det noko gull her som blir utvunne av bergverksselskap.
Næringsliv [endre]
I dag lever innbyggjarane mest av saueavl og fiske frå småbåtar. Større skip og trålarar kjem ikkje inn på hamna av di det ligg så mange skipsvrak i leia. Elles finst her eit moderne fengsel, og eit regiment av den chilenske hæren er stasjonert her. Porvenir har også eit slaktarhus som er aktivt i korte periodar kvart år. Porvenir er ingen stor turistby enno, men inneheld fleire hotell og restaurantar.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Porvenir, Chile» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2012.